Det var ein lyst å følgja med på Etne sine mange unge spelarar der dei valsa opp med Staal sine både eldre og ikkje minst tyngre spelarar. Etter ein litt famlande start der gjestene fekk driva sitt eige spel og i sitt eige tempo, og også tok leiinga 0-2, var ikkje Etne-laget til å kjenna igjen etter snaue halvspelt førsg er det i utgangspunktet ikkje vanskeleg å driva mange typar verksemder uansett kvar dei er plasserte. Det ein treng er pådrivarar som kan få næringsskaparar til å satsa nettopp i Vindafjord og Etne.
Og her har kommunane si viktigaste oppgåve. Å marknadsføra seg på ein slik måte at det vert attraktivt, også for dei som ikkje har tilknyting til kommunane, å etablera seg her på ulike måtar.
Tidlegare leiar i Småbrukarlaget Geir Grosberg har kasta inn ein brannfakkel om til dømes buplikta. Han meiner denne er moden for å bli fjerna. Argumentet er at den verkar mot målet, samstundes som ho blir ei sovepute for kommunane og hindrar dei i anna næringsutvikling. Grosberg har eit poeng så lenge buplikta fører til brakklegging av landbrukseigedomar. Det finn ein også døme på i våre kommunar, og brakklegging tener ingen på.
Dersom landbrukseigedomar er så små at dei ikkje er til å leva av, må det gå an å utvikla dei på andre måtar. Det kan skapa alternativ aktivitet og eit meir variert næringsliv, men samstundes kan ein ikkje gløyma at landbruket er ei viktig næring. Å finna balansen mellom dei ulike interessene er ei utfordring. Det viktigaste må likevel bli at folk skal kunna bu og leva også i små bygder.