Fønix må justere kursen

Fugl Fønix starta som kafé og utvida seinare til hotell med mange kulturarrangement på programmet. […]

Fugl Fønix starta som kafé og utvida seinare til hotell med mange kulturarrangement på programmet. Men sidan starten av Fugl Fønix Hotel AS i 2001, har dei berre hatt eitt år med overskot i økonomien, i 2004. I året som nettopp er slutt, blir det også raude tal.
I romjula bestemte dagleg leiar og styret seg i fellesskap for å stramme litt inn på drifta.
Tapt på mat
Kafeen er ein viktig del av Fugl Fønix si sjel. Men for å få betre grep på økonomien, varslar dagleg leiar Asbjørn Moe at det blir innskrenkingar på matserveringa.
— Vi har ikkje bestemt detaljane enno, men det er klart at vi skal redusere opningstidene for matservering slik at den startar om ettermiddagen. Det er ei innskrenking i tilbodet, men samstundes har ikkje etterspurnaden vore stor nok til å forsvare eit skift frå føremiddagen av, seier Asbjørn Moe.
Kafeen skal dermed fungere som rein kaffibar den første halvdelen av dagen.
— Vi må berre erkjenne at matdelen ikkje har gitt nødvendige inntekter og at vi ikkje har hatt god nok lagerkontroll. Tala for serveringa har aldri vore gode.
Liv laga
Moe er snar til å leggje til at serveringa skal ha same profilen som før. Det er ikkje innhaldet, men opningstidene som blir endra for vekedagane. I helga blir opningstidene som før.
— Vi la om fokuset for to år sidan og vi var godt nøgde med overskotet i 2004. At det blir negative tal for 2005, har fleire forklaringar enn det at kafeen ikkje gjekk godt nok. Men med forskjellige grep trur eg vi skal kome meir ovanpå. Fugl Fønix er liv laga sjølv om vi må justere oss litt. Kafeen er viktig for oss, men no er vi letta over å ha tatt ei avgjerd, seier Moe.
Minus over fleire år er ein av årsakene til at dei må gjere noko no. Men det er ingen akutte problem med økonomien. Målet er å forbetre resultatet med ein halv million kroner netto.
Halsbrekkande suksess
— Sjølv om fleire rekneskapsår viser underskot, har vi ikkje hatt problem med likviditeten, forklarer Moe.
Han meiner Fugl Fønix er eit litt halsbrekkande prosjekt som aldri hadde sett dagens lys dersom nøkterne marknadsanalysar skulle bestemme. — Det er ein forskjell mellom det ein ønskjer å få til og det som er mogleg. Det har aldri vore mangel ved ambisjonane, og det er det som er Fugl Fønix. Det er litt galskap i heile prosjektet, seier Moe.
Det starta som eit reint venneprosjekt, men i dag er det mindre dugnad og fleire på fast løn. Å normalisere drifta har naturleg nok ført til større utgifter.
Ambisiøse konsertprogram i samarbeid med Kulturlokomotivet, har gitt Fugl Fønix eit spesielt renommé. Tidlegare tapte Fugl Fønix på desse konsertane, men no går dei i balanse. Konsertane blir ikkje berørte av den vesle snuoperasjonen. Men det er klart at den store festivalen gjennom året, blir flytta til eit anna tidspunkt enn helga til Etnemarknaden.
— Vi set pris på at bygdefolket er flittige gjester. Men når det gjeld turisme, handlar det om hardt arbeid og kamp for å dra dei til oss, seier Moe.
Det er ikkje snakk om å seie opp fast tilsette, men heller å bruke mindre ekstrahjelp i drifta.