Darfur har fått internasjonal pengestøtte som dekkjer 42 prosent av trongen dette året. I følgje Egeland gjer det internasjonale samfunnet ein historisk feil ved ikkje å gi meir til Sudan. Han fortel at FN ber om 1,6 milliardar dollar til landet i år. Til nå har ein fjerdedel komme inn. Bidraga blir gitt til øyremerka prosjekt i regi av FN-organisasjonar og humanitære organisasjonar.
Egeland minner om at i samband med tsunamien i Asia 2. juledag i fjor, viste folk seg frå si beste side og hjelpte familiar som leid på sitt verste. Det gjeld både regjeringar, privatpersonar og bedrifter. Det er slik det bør vera, meiner Egeland.
Det bør vera noko alle kan slutta seg til. Kva er det som gjer at FN og humanitære organisasjonar må slita for å skaffa hjelp til nærmare to millionar menneske som har flykta frå sveltedød, massedrap og nådelause geriljaangrep? I reportasjen i VG søndag får me sjå og høyra om menneske i si yttarste naud. Utanfor endelause rekkjer med plasttelt og stråhytter er det nesten berre kvinner og barn. Fråværet av menn vitnar om at folket i Sudan i ein mannsalder har vore offer for blodig nedslakting.
Turid Sørhus, som har arbeidd som sjukepleiar for Røde Kors i Darfur det siste halve året, seier til Grannar torsdag at ho har vore med og gitt ei hjelpande hand til nokre ganske få av dei ufatteleg mange som er på flykt i sitt eige land. Heime i fredelege Blikrabygda i Vats blir avstanden ekstra stor til den krigsherja provinsen Darfur.
Kan noko av forklaringa på kvifor det er så vanskeleg å få nok hjelp til Sudan i Afrika vera at avstanden blir for stor? Eller kan det vera at me kjenner oss meir heime på dei solfylte strendene i Thailand i Asia, og at det derfor var lettare å gi hjelp til folk og gjenoppbygging der?