For lite til sikring

Flaumen er eit nytt bevis på at vatn kan gjere stor skade. Det er snakk […]

Flaumen er eit nytt bevis på at vatn kan gjere stor skade. Det er snakk om skadar for mange millionar, og ei oppleving ein helst vil sleppe. Isvik er eit døme på mangelfull flaumsikring, og at det er nødvendig med eit krafttak på dette området.

Det er all grunn til å rette blikket på kva som kan gjerast for å avgrense risiko og skadar når vêret blir så ekstremt som i dette tilfellet. Det er innlysande at Isvik må få flaumsikring som kan hindre ein tilsvarande episode.
På bakgrunn av flaumane som har ramma fleire bygder hardt i Vindafjord dei siste åra, er det heilt nødvendig at det blir laga ein flaumsikringsplan for utsette område i heile kommunen. Ein må vite kor risikoen er størst, og setje inn innsatsen deretter.

To store og dramatiske flaumar måtte til i Sandeid før det kom pengar på bordet til å sikre Grautåna og Østbøfeltet. Arbeidet er i gang som følgje av ekstraløyvingar i revidert nasjonalbudsjett i år.
Kartlegging og planar må til, men pengar til å gjennomføre tiltak er ei større utfordring når ein ser kampen om kronene på statsbudsjettet.
Det var nesten 79 millionar kroner til flaumsikring av vassdrag på statsbudsjettet for 2006 før ekstraløyvinga på 57 millionar kom i vår. Grong kommune aleine presenterte ein prislapp på 47 millionar kroner då olje- og energiminister Odd Roger Enoksen var på besøk i det flaumramma området i februar i år.
Ekspertane spår meir ekstremvêr i åra framover, og då seier det seg sjølv at dagens løyvingar blir for puslete. Her må staten ta hovudansvaret i samarbeid med kommunane. Det handlar også om tryggleik for liv og helse.