For så elska Gud verda

Me har anledning gjennom ymse kanalar å hjelpa dei. Lat oss gjera det. Oss som […]

Me har anledning gjennom ymse kanalar å hjelpa dei. Lat oss gjera det. Oss som har alt, ja meir enn det, har også eit behov, som ikkje pengar og komfort kan gi oss. Dette behov vert dekka av eit ord, av eit namn, det er Jesus. Eg «beundrar» Gud som gjennom eit namn, ein person, kan gi oss det me framfor alt treng, Det er Jesus. Han er nøkkelen til himmelen. Frå Jesus vart fødd i Betlehem, til han vart spikra til krossen, har denne verdens Gud, djevelen, prøvt å fjerna han.
Men då Jesus endeleg vart festa til krossen, og lagt i ei grav, såg det ljost ut for mørkemaktene. Men då kom Gud dei i «forkjøpet», Krossen, grava og oppstandelsen, vart vår store frelsa. Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid. Den har oss givet, lyset og livet til evig tid. Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid». Denne gudgitte person, som også er Gud, er det eg og du treng for å verta evig salige. Så står det kjende bibelordet i Johs 1,11-12: «Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. Men alle dei som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans».
Så har kampen om Jesus halde fram i 2000 år, aldri har vel så mange måtta lata livet fordi dei trudde på denne person, som i dag. Stefanus var den første martyr.
Så ser det ut for at det minkar med tida for dette hushaldet. Kanskje dagen nærmar seg då Jesus kjem att i himmelskya. Det er alvorleg å lesa Matt 25. om dei ti brurmøyane som tok lampene sine og gjekk ut for å møta brudgomen. Fem av desse fekk vera med Jesus til himmelen. Fem fekk ikkje vera med. Desse siste hadde ikkje olje på lampene sine. Mattias Orheim seier i songen:
«Å, tenk eingong når alle fram skal stemna til himlens port og alle bankar på.
Det vert eit syn som ingen no kan nemna. Kven skal gå inn og kven skal ute stå».
«Å, tenk eingong det stemnemøte store. Når me ved porten skal kvarandre sjå.
Me som på jorda her i lag har vore. Kven skal gå inn og kven skal ute står».

Dette er så alvorleg både for meg og deg. Vert me med den dagen. Må me be om å få koma inn i Guds heilagdom, så han får ransaka oss.
Sjå om me er på fortapings veg, leia oss på den ævelege vegen.

Erik J. Grønstad