For tidleg å dømme

Men trass i at populariteten til både Ap og Stoltenberg er på synkande kurs på […]

Men trass i at populariteten til både Ap og Stoltenberg er på synkande kurs på meiningsmålingane, er tre år igjen å styre lang tid. Det er difor forhasta å avskrive prosjektet til dei raudgrøne alt før dei har lagt fram sitt første sjølvstendige statsbudsjett.

Den raudgrøne fleirtalsregjeringa har gjort ein for dårleg jobb i å skape ryggdekning hos sine eigne, også på Stortinget. Vi ser konturane av ei regjering som i for stor grad har oversett denne utfordringa. Det handlar om å lytte og vere audmjuk overfor sine eigne, og ha ein open debatt om den politikken regjeringa vil føre, også med mindretalet på Stortinget.
Det handlar om å ha kontakt med folket og basisen regjeringa skal styre ut frå. Når Gerd Liv Valla i LO skjeller ut regjeringa på tv i sjukelønssaka, handlar det om ei regjeringa som ikkje orienterer seg godt nok i landskapet.

Striden om sjukefråværet handlar i denne omgangen om 2,5 milliardar kroner i ekstra utgifter for staten. Det avslører problemet regjeringa har med å skaffe pengar til nye formål og tiltak som kan gi inntrykk av ein ny kurs. Finansminister Kristin Halvorsen gjer som finansministrar før ho, og passar nøye på å ikkje strø ut for mykje pengar. Difor blir statsbudsjettet for neste år den verkelege prøvesteinen tkursen til dei raudgrøne. Skjer det lite der som minner om ny kurs, kan ein byrje å snakke om ei regjering i trøbbel.