Forakt for nynorsk

Utdanningsdirektoratet sitt ja til forsøk med valfritt skriftleg sidemål i ni av dei vidaregåande skulane […]

Utdanningsdirektoratet sitt ja til forsøk med valfritt skriftleg sidemål i ni av dei vidaregåande skulane i Oslo, har ført til ny debatt om nynorsken som skriftspråk her i landet. For sidemål i Oslo-skulane, er lik nynorsk. Ikkje uventa blei vedtaket om fritak mottatt med jubel blant Oslo-elevane. Endeleg skulle dei få sleppa det forhatte sidemålet. I NRK Ukeslutt sist laurdag inviterte ei skulejente andre elevar til å vera med henne på stor bålfest. Nynorskordbøkene skulle brennast. Ho var overtydd om at mange ville vera med på festen. Grunngjevinga for bokbålet var at nynorsk eigentleg ikkje er noko fag og at nynorskbøkene opptar unødvendig plass i bokhylla. At ho for open mikrofon avslørte det eigentlege målet for forsøket, og si eiga kunnskapsløyse, forstod ho ikkje.

På andre sida har Noregs Mållag, og ei rekkje andre nynorskforkjemparar, slakta vedtaket frå direktoratet og spådd starten på undergangen for nynorsk som skriftspråk.
Me er samde i at vedtaket om valfritt skriftleg sidemål i ein del av Oslo-skulane, er gjort på feil premissar. Det avslører manglande forståing og liten respekt for nynorsk som skriftspråk. Me sluttar oss derfor fullt ut til kritikken som har komme mot direktoratet og utdanningsminister Kristin Clemet, som har lagt malen for vedtaket.

Men når det er sagt, kan me forstå at Oslo-elevane er glade for å sleppa nynorsk, som for dei fleste av dei er eit framandt språk. Me er meir urolege over haldninga til nynorsk her på bygdene, enn over at Oslo-elevane slepp nynorsk. Mange av elevane i distriktet er ikkje gamle før dei slengjer frå seg nynorskbøkene og går over til bokmål. Resultatet er eit kvasispråk som verken liknar fugl eller fisk. Kampen for nynorsk må kjempast her som nynorsk er naturleg og ein viktig del av kulturarven. For at nynorsken skal overleva i konkurransen med bokmål, engelsk og det siste nye i språkvirvaret, SMS-språket, må det eit krafttak til. Ikkje minst må haldningane til nynorsk endrast. Når foreldre, som har hatt nynorsk i skulen, knotar i veg på bokmål når dei uttrykkjer seg skriftleg, er det ikkje rart at barna tar etter. Her har forkjemparane for nynorsk, foreldre og skulen, frå barnetrinnet og opp til lærarhøgskulane, ein stor og viktig jobb å gjera.