I dag er den formelle aldersgrensa for førarkort klasse B 100 år. Det er i alle fall det som står på førarkortet. Men når du har passert 70 år, må du få deg legeattest. Det er spesielt syn og hørsel som må få seg ein ekstra sjekk frå fylte 70 år.
Det var mange som fekk seg eit lite hakeslepp då dei las at det kan bli slutt på å kjøra bil når du er 75 år. For dei fleste er ikkje det nokon alder i dag. Seniorane Ottar Andreassen og Lars Askeland uttalte til Grannar torsdag at dei tykte lite om forslaget. Dei meiner det bør vera helsa som tel om ein kan få kjøra bil eller ikkje.
— Det er syn, hørsel og om ein er klår i toppen, som må avgjera, sa Andreassen. Han har kjørt bil i 50 år, og er meir eller mindre hekta på bil.
Me veit ikkje om me skal ta forslaget om ei øvre aldersgrense på 75 år heilt på alvor. Me meiner som Andreassen og Askeland at det må vera helsa som tel, og ikkje ein bestemt alder. Det er mange 80-åringar og eldre enn det som er fullt i stand til å kjøra bil. På same tid er det mange yngre bilførarar som ikkje burde hatt førarkort.
Statens vegvesen har i samarbeid med ei rekkje instansar utvikla eit kurstilbod som er kalla Bilførar 65+. Det tar sikte på å oppdatera bilførarar som har hatt førarkort i mange år.
Sjølv om du har kjørt feilfritt i alle år, er det ingen garanti for kva som kan skje i åra framover. Trafikkbildet endrar seg heile tida og stiller store krav til alle som set seg bak eit ratt. Derfor burde fleire enn 65-åringar få tilbod om å vera med på eit slikt kurs.
Kurset er retta mot bilførarar som vil ha eit aktivt pensjonistliv. Og det er vel ingen gong det er viktigare å vera sjølvhjelpen og kunna ta seg fram på eiga hand enn når ein har runda pensjonistgrensa. Anten det er på ferie, ein tur på butikken eller for å vitja slekt og venner, er bilen god å ha. For mange heilt nødvendig. Derfor er det viktig at alle som kjører bil held seg oppdaterte på trafikkreglar og nye kjøremønster.