Forbrenningsanlegg

Det første gjekk i vasken og stranda fordi selskapet bak aldri klarte å koma opp […]

Det første gjekk i vasken og stranda fordi selskapet bak aldri klarte å koma opp med den naudsynte finansieringa. Til slutt fekk kommunen nok og braut med Helander og sa opp leigeavtalen dei hadde med han om store delar av Dommersnes industriområde.
No er Helander på nytt på offensiven og seier han snart vil senda inn konsesjonssøknad for forbrenningsanlegget. I tillegg hart han finansieringa klar. Dette er tonar ein har høyrt før, og det gjer det vanskeleg å tru heilt på påstandane.

Likevel er det ikkje slik at ein berre skal avfeia planane som fantasifulle idear som ikkje let seg gjennomføre. Nordmenn produserar stadig meir boss, og me må kvitta oss med det på ein eller annan måte. Frå 2009 kjem det også nye reglar for bossdeponering, og då er det viktig at kommunane er førebudde.
Eit forbrenningsanlegg for søppel kan vera eit godt miljøprosjekt, dersom det vert gjort på rette måten. I tillegg til at ein vert kvitt bosset, vil forbrenningsanlegget produsere energi i store mengder. Likevel er det også problem knytt til forbrenning av søppel. Ikkje alt blir brent, og i avfallet vil det liggja potensielle miljøbomber. Dette er det viktig å handtere på ein sikker måte, og det er ei stor utfordring.

Motstanden mot planar om søppelforbrenning er stor. Det er ingen som vi ha eit slikt anlegg utanfor stove- eller hyttedøra si. Det er forståeleg, og ulempene må avklarast før konsesjon kan bli gitt. Men denne type motstand vil koma uansett, og den kan ikkje vera avgjerande for om ein skal byggja eller ikkje.
Skal ein gå for eit forbrenningsanlegg må ein først ha gode sorteringsrutinar, for ikkje alt me kastar er søppel og mykje av det kan brukast igjen. Men ein føresetnad er at kvar enkelt er villig til å gjera den innsatsen det ligg i å ha ei skikkeleg og god kjeldesortering, og der er me ikkje flinke nok i dag.