Førebur andre byggjesteg

— I kontrakten står det at alle leilegheiter skal vere selde før andre byggjetrinn blir […]

— I kontrakten står det at alle leilegheiter skal vere selde før andre byggjetrinn blir starta opp. Den siste leilegheita vart flytta inn i nå i månadsskiftet november – desember. Difor er planlegginga av byggetrinn to snart i full gang, seier representant for Sæbøvikjo burettslag, Roar Gundegjerde.
Det er litt over eitt år sidan nøklane til dei første som flytta inn i Sæbøvikjo vart overleverte frå Berge Sag og Trelast. Den gong var det seld 17 av 28 husvære i første byggjetrinn. Dei resterande 11 husværa er selde utover året 2004.
Nøgde bebuarar
Gundegjerde fortel om berre nøgde bebuarar i bustadkomplekset i Sæbøvikjo.
— Det er berre positive tilbakemeldingar frå dei som bur her, og det er som kjent beste reklamen ein kan få, seier han. Gundegjerde har sjølv ei av leilegheitene her, og trivst godt.
Etter at strandpromenaden stod ferdig tidlegare i år, er heile området blitt ei perle nær Etnesjøen.
Byggjetrinn to
Byggjetrinn to er på tre hus med 14 leilegheiter. Dei nye husa vil liggje vest for øvste rekkje i byggjetrinn ein, nedom Sæbøtunet.
Roar Gundegjerde fortel at dei 14 leilegheitene er justerte i storleik etter dei mest populære leilegheitene i første byggjetrinn.
— Då var leilegheitene på 85 kvadratmeter mest populære. Difor byggjer vi nå seks leilegheiter på 74 kvadratmeter, og åtte på 85 kvadratmeter. Her vil dei minste ha to soverom og dei største tre soverom. Felles for alle er kjøken og stove saman, kombinert vaskerom og bad, og innvendig og utvendig bod.
— Er nokon av desse selde?
— Nei, ingen er selde, men ein del er reserverte, seier Gundegjerde, som reknar med at prosjektet blir starta når fem, seks leilegheiter er selde. Og går alt etter planen, meiner han leilegheitene kan vere innflyttingsklare om rundt halvtanna år.