Foreining etter 39 år

Etter at samtalen var avslutta, var Koss Lint snar med å bestilla flybillettar. — Han […]

Etter at samtalen var avslutta, var Koss Lint snar med å bestilla flybillettar.
— Han kom med billettane og sa at i sommar reiser me til Noreg og besøkjer Gerd, fortel kona Bepp Lint. Ho kjende også svigerinna frå tidleg i sekstiåra då dei alle saman budde i Haag. Det var på den tid Kennedy var amerikansk president og Adenauer var tysk forbundskanslar.
Sauda-kvinna Gerd Lint budde i Nederland i fire år då ho var ung, og ho treivst godt. Ho lærte seg nederlandsk og fann seg arbeid i Haag. Det var kjærleiken som trekte henne dit. 17. mai 1961 gifte ho seg med Frans Lint, som ho hadde blitt kjent med då han arbeidde på fabrikken i Sauda. Medan dei budde i Haag, blei ho også godt kjent med mannen sin familie, mellom anna broren Koss og kona hans. I mars 1965 gjorde det unge ekteparet med to born oppbrot i Nederland, og busette seg i Sauda.
— Mannen min hadde arbeidd eit par år i Sauda før me gifte oss. Det var helst han som ville tilbake dit. Me fekk tomt hjå foreldra mine, og det var meininga at me skulle byggja oss hus til sommaren, fortel Gerd Lint.
Slik gjekk det ikkje. Berre eit par veker etter flyttinga, døydde mannen hennar heilt plutseleg. Ho sat åleine att med to smårollingar, og husbygginga i Sauda blei det aldri noko av.
Foreldra til mannen hennar og to brør kom til gravferda i Sauda, men deretter miste den norske og den nederlandske delen av Lint-familien fullstendig kontakt med einannan.
Fann tanta på internett
— Det var sonen min som fann ei som heitte Gerd Lint på internett. Eg tenkte først at det kunne ikkje vera henne, for ho var berre 22-23 år då broren min døydde. Eg trudde kanskje at ho hadde gifta seg igjen og fått eit anna etternamn. Då hadde me ikkje greidd å finna henne, fortel Koss Lint.
Han tok mot til seg og ringde det telefonnummeret sonen hadde funne på internett.
— Eg skjønte at det var henne då ho gav seg til å ramsa opp alle i familien og spurde korleis det stod til med dei, humrar svogeren. Han kan også fortelja at Bepp og Gerd kjende kvarandre att straks dei såg einannan på flyplassen, sjølv om begge var blitt nesten førti år eldre sidan sist.
Mange nye slektningar
Koss og Bepp Lint var ikkje nett heldige med vêret på Noregsturen sin, men dei let seg ikkje hefta med det. Slett ikkje Koss Lint, som i følgje si norske svigerinne ikkje greier å sitja i ro. Den nederlandske onkelen har hjelpt ein nevø med taket, han har vore ute og fiska, og så har dei hatt mykje å snakka om.
— Det går på nederlandsk og engelsk om ein annan. Det har vore mykje lått og løye, smiler Gerd Lint, som har fått 13 barnebarn og eitt oldebarn sidan sist ho såg svigerfamilien sin. Det har vore mange nye slektningar å bli kjende med for Koss og Bepp Lint, som ikkje ser bort frå at det blir ein ny Ølen-tur neste år.
Gerd Lint har ikkje vore i Nederland ein einaste gong i løpet av alle desse åra, men tre trivelege veker med svoger og i svigerinne i Ølen har gjort henne lysten på å sjå att landet der ho budde i ungdommen.
— Eg har aldri reist med fly før, men eg har veldig lyst. Du veit jo aldri kva du finn på, seier Gerd Lint.