Foreldra bør få svar

Foreldre på Rygg vil gjerne ha svar på om grendeskulen er eit så vellukka offer […]

Foreldre på Rygg vil gjerne ha svar på om grendeskulen er eit så vellukka offer i lokalsamfunnet som prognosane i forkant tyder på. Dei bør få eit konkret svar med utgangspunkt i pengebruken på skuleområdet før og etter at tre grendeskular vart lagt ned for nokre år sidan.

Dette er eit ømt punkt i dei fleste kommunar når bygder og krinsar mistar skulane sine. Spørsmålet om reell innsparing vart reist på Bjoa etter at ungdomsskulen vart slusa inn til Ølen. Men reknestykket dukka aldri opp.
Rådmann Elling Hetland i Etne vil ikkje gi foreldre på Rygg eit svar med utgangspunkt i dokumentasjon. Han meiner det er for komplisert og arbeidskrevjande å skaffe fram tal for kva skuledøden har gitt i pluss for kommuneøkonomien. Rådmannen meiner også at det er sjølvsagt at ein sparer pengar så lenge sentraliseringa ikkje fører til omfattande klassedeling.
Men dersom det er så sjølvsagt at ein sparar på nedlegging, burde ein kunne bruke litt tid på å få fram fakta rundt denne suksessoppskrifta for å få orden på økonomien.

Det er viktig at kommunen tar grendene såpass på alvor at dei får tillit til at skulenedlegging er eit reelt alternativ dersom politikarane ikkje finn andre område å spare pengar på.
Eit sentralt punkt i skulestriden for fem år sidan var påstandar om at skuledød i krinsane i neste omgang ville føre til større utgifter på sentrumsskulen Enge. I dei få åra som er gått, er det investert 50-60 millionar kroner på Enge.
Svaret er nok mest av alt at det var heilt nødvendig å gjere noko med Enge skule, men det er naturleg å spørje om investeringa hadde blitt så omfattande dersom ikkje fleire krinsskular var lagde ned. Det er ikkje rart at foreldre i krinsane stiller spørsmål.