Foreldre ut i gatene

Det er bodskapen frå utvalet for Positiv oppvekst i Ølen etter at dei har granska […]

Det er bodskapen frå utvalet for Positiv oppvekst i Ølen etter at dei har granska oppvekstmiljøet i Ølen i nokre månader. Hærverk, alkohol og tilgang til narkotika i Ølen sentrum er årsaka til at det politiske utvalet vart oppretta.
Målet er å hindre at dei negative utslaga i ungdomsmiljøet får utvikle seg. Målgruppa er ungdom mellom 15 og 18 år.
Synlege foreldre
— Det kan vere at foreldra er for naive og trur at alt er slik som då dei var unge. Det er vanskelegare å vekse opp i dag med eit meir isolert ungdomsmiljø og andre rusmiddel enn alkohol, seier Knut Severin Berge.
Utvalet har konkludert med at eitt av dei viktigaste innspela dei kan kome med er å få foreldra meir på banen, ved sidan av at dei har fått på plass eit ungdomshus som opnar i slutten av året.
— Tilstanden natt til 17. mai var betre enn på lenge. Eg trur det kan ha samanheng med at politi, natteramnar og andre foreldre var godt synlege i sentrum. Det er eit ansvar foreldre frå andre stader i distriktet bør vere med på å ta sidan det er i Ølen ungdommen samlar seg, seier Tone Hatteland, leiar for utvalet.
Felles problem
Ho viser til at dei har informasjon om at Haukeliekspressen ikkje ville ta med 20 ungdommar frå Skjold som ville halde fram festen i Ølen. Og festen i Ølen var eit rusfritt diskotek.
— Når ungdommane blir nekta plass på bussen ein fredag kveld, spør eg meg kor foreldra er, seier Hatteland.
Ho meiner det bør vere obligatorisk at ungdom som er under 18 år, blir henta av foreldra sine når diskoteket eller andre arrangement er ferdige.
Når ungdom ned i 12-13 år er synleg rusa i Ølen sentrum, meiner dei at noko er gale.
— Foreldre som seier at det ikkje er så farleg så lenge det handlar om alkohol, gjer ein kjempebrølar. Til yngre ungdommane er når dei startar, til større er sjansen for at dei skal kome bort i tablettar og andre stoff. Det er tøft både å vere tenåring og tenåringsforeldre, seier Gunn Vikingstad.
Nulltoleranse
Utvalet sit igjen med inntrykk av at narkotikaproblemet er aukande og uoversikteleg i Ølen, men at det handlar om relativt få.
— Det gjer inntrykk når ein vanleg ungdom kan fortelje at det ikkje vil ta så lang tid å skaffe seg hasj. Dersom vi har hatt ei oppblomstring med narkotikabruk dei siste fire-fem åra, tar det ei stund før dette misbruket blir synleg. Faren er at narkotikamiljø drar andre med seg. Vi vil difor vekke foreldregruppa, seier Hilde Pedersen.
Utvalsleiar Tone Hatteland vil gjerne formidle at dei aller fleste ungdommane er fornuftige og skikkelege, og klarer seg godt.
— Vi må samstundes erkjenne at vi neppe hadde sete i dette utvalet dersom det ikkje var problem. Vi har ei viktig oppgåve i å informere og skape haldningar, som nulltoleranse mot narkotika. Det er viktig å halde oppe merksemda, seier Torstein Hauge.
Meir kartlegging
Ingen av nabokommunane har eit så offentleg søkjelys på narkotika og ungdomsmiljøet som Ølen. Noko utvalet for Positiv oppvekst er eit døme på. Utvalet meiner det har samanheng med at Ølen har eit senter som også fører senterproblem med seg.
Til hausten skal utvalet starte kartlegging og dialog i Vikebygd og Bjoa.
Etter den første fasen med kartlegging, skal utvalet vurdere endå fleire konkrete tiltak. Ein diskusjon som er i gang med lag og organisasjonar, er korleis dei kan bidra til at færre ungdommar sluttar med organiserte aktivitetar når dei er 12-13 år.