Både Vindafjord og Etne kommunar har denne våren rullering av dei alkoholpolitiske handlingsplanane sine. Denne planen skal rullerast kvart fjerde år.
I Etne var alkoholpolitisk handlingsplan oppe i Komitè Folk 23. april i år. Tilrådinga frå nemnda som har sett på planen, var på ein time kortare skjenketid til klokka 01.00 mot 02.00 som gjeld nå. Komitè Folk tilrår etter møtet sitt å ha ope ein halv time lenger til klokka 01.30. Saka skal opp i kommunestyret 6. mai.
Administrasjonen har i samband med rulleringa hatt eit møte med Vindafjord kommune der dei har diskutert dei alkoholkpolitiske planane, og kva område det var aktuelt å samarbeid om.
Ragnhild Ness har vore med i nemnda frå administrasjonen i Etne, og seier at det var aktuelt å samarbeide med Vindafjord i denne saka.
I Vindafjord er det nedsett ei arbeidsgruppe som skal leggje fram utkastet sitt i Oppvekst og omsorg 19. mai. I Vindafjord skal saka opp i kommunestyret 3. juni.
Som Haugesund
Steinar Skartland i arbeidsgruppa seier også at det er rett å samarbeide om opningstidene i dei to kommunane, då det vil vere eit felles uteliv.
Skartland seier at arbeidsgruppa vil gå inn for å følgje normalvedtektene som seier ei skjenketid til midnatt, men i samtalane med Etne har dei blitt samde om at det kan vere rett å ha ei opningstid til 01.00. Då vil ein få same opningstid for alkoholservering som i Haugesund. Der stenger pubar og restaurantar alkoholserveringa klokka 01.00 natt til laurdag og søndag, og klokka 00.30 natt til måndag.