— Kort fortalt føler eg meg forfølgd av uflaks, og uteljinga har vore mindre enn forventa så lang, skriv Skrunes i e-post til Grannar.
I slutten av januar sette 20-åringen seg på flyet til California, USA. Der skulle han trene med dei beste motocrossutøvarane i landet. Den første veka starta bra, med besøk på legendariske motocrossbanar som Perris Raceway, Glen Helen og Starwest.
Etter to timars køyring rauk motoren på den heilt nye Yamahaen til Skrunes. Heldigvis fekk 20-åringen låne ein sykkel, så han fekk køyrt litt den første veka likevel.
Avlyst av regn
Uhella stoppa ikkje der der. I veke nummer to låg omtrent alle utøvarane utslåtte med omgangssjuke, inkludert Skrunes. California blei dessutan ramma av dei største regnbyene på fem år, så mange treningar blei avlyst på grunn av dette. Då sykkelen endeleg var fiksa, og 20-åringen stilte til løp, velta han med sykkelen og pådrog seg hjernerystelse, to lause framtenner, ein brekt tommel, og øydelagt sykkel.
Dette var turen alt gjekk galt.
Skrunes er no inne i slutten av treningsleiren.
— Målet er å plastre kroppen saman, og gi skikkeleg gass siste veke, skriv Skrunes mot slutten av e-posten.