Etter kvart som prosjektet har vakse fram, har me forstått at det er fleire enn dei to som skal inn i bygget. Men dei har pakka det godt inn. Me utanfor har spente kneppa på «pakken» for å finna ut kva som var inni, slik barn gjer med pakkane under juletreet.
Og me var klar over at det var noko stort, men ikkje så gedigent som det som blei pakka ut torsdag.
Eit kjøpesenter som dette vil heva Etne sentrum mange hakk. Ikkje berre for dei som bur og handlar der, men for heile distriktet.
Det som er ekstra positivt med denne satsinga er at det er dei som driv handel i Etne i dag, som satsar så stort. Ofte ventar me at det er nokon utanfrå som skal byggja og investera hos oss. Me er overtydde om at når satsing som dette kjem frå folk lokalt, har det mykje større føresetnadar for å lukkast. Me har fleire døme på at investering utanfrå er mykje meir usikkert. Oftast er avkasting av eigen kapital viktigare enn å tilføra det samfunnet ein etablerer ei bedrift i noko ekstra.
Presentasjonen av Etne senter kom nesten på dagen tre år etter at Ølen senter blei opna. Me har tru på at eit kjøpesenter i kvar av
dei to nabobygdene er ein stor verdi for folket som bur i distriktet vårt. Ikkje berre blir vareutvalet større, men det er også med og gir oss ei større sjølvkjensle. Me gratulerer Ølen senter med treårsdagen og Etne senter med storsatsinga.