Forkastelegeldreomsorg

Det er VG sin reportasje om Ap-veteranen Haakon Lie som får heimehjelp med stoppeklokke i […]

Det er VG sin reportasje om Ap-veteranen Haakon Lie som får heimehjelp med stoppeklokke i handa, som har fått tidlegare Venstre-leiar Gunnar Garbo, tidlegare stortingsrepresentant for Høgre, Paul Thyness og KrF-veteran Kåre Kristiansen til å reagera.
— Det er meiningslaust og heilt forkasteleg. Det er heilt unødvendig å gjera det på denne måten, seier ein opprørt Kristiansen til VG. Han meiner det må større statlege tilskotsordningar til. Regjeringa bør sjå på korleis eldreomsorga er organisert, og hjelpa kommunane slik at dei får til eit godt opplegg, seier Kristiansen.

Han får støtte av fleire andre partiveteranar. — Eg synest det høyrest avskyeleg ut. Det er ei nedverdigande behandling av eldre menneske, seier Gunnar Garbo. Han er skuffa over at hans eige parti går inn for privatisering og effektivisering av eldreomsorga.
Paul Thyness er enda kraftigare i sin kritikk av eige parti. Han slaktar Høgre si privatisering av heimehjelpstenester. — Den slags tenester er dårleg eigna til privatisering. Her er det eit spørsmål om å yta omsorg, seier Thyness.

Effektivisering og omorganisering av eldreomsorga, er ikkje noko nytt. Det høyrer snarare til dagens orden. Mest fokus har det vore på eldreomsorga på institusjon. Nedlegging av avdelingar og oppretting av sentralkjøkken for å spara pengar, høyrer til dagens orden. Nå har den snart hundre år gamle Ap-kjempa Haakon Lie klart å kasta lys over heimetenesta til gamle. Han har ikkje mykje godt å seia om måten tenesta er organisert i heimbyen Oslo. Den handlar mest om timar og minutt og minst om omsorg. Heimehjelparane har knappast tid til å snakka med dei gamle.
Me forstår godt at gamle partiveteranar reagerer. Snart er det deira tur til å få besøk av heimehjelp med stoppeklokke. Då er det ikkje stor skilnad på kong Salomon og Jørgen Hattemakar.