Forlenga fengsling

Mannen har samtykka i den forlenga varetektsfengslinga. — Me har så langt ikkje planar om […]

Mannen har samtykka i den forlenga varetektsfengslinga.
— Me har så langt ikkje planar om å pågripa fleire personar i denne saka, seier politioverbetjent Arild Austerheim ved Vindafjord lensmannskontor.
Han fortel at etterforskinga held fram, og at det framleis gjenstår ein del avhøyr og svar på dei tekniske undersøkingane. 37 –åringen vart pågripen 16. mars då politiet gjorde beslag på narkotiske tablettar, amfetamin og hasj hos mannen.