Først over målstreken

Laurdag stod skigruppa i Vindafjord Idrettslag i spissen for skirenn og skistafett på Fjellstøl. — […]

Laurdag stod skigruppa i Vindafjord Idrettslag i spissen for skirenn og skistafett på Fjellstøl.
— Hadde det ikkje vore for OL, trur eg me kunne fått over 100 mann her i dag. Me er likevel nøgde med oppmøtet, seier Lars Olav Larsen i Vindafjord skigruppe.
To klassar
Skistafetten var delt inn i to klassar. Ein for dei som er mellom 10 og 14 år og ein for dei som er fylt 15 år og oppover. Eit samla langrennsløp for dei aller yngste, med gryande skistjerner heilt ned i tre-årsalderen, sjarmerte publikum.
— Me har premiar til alle dei yngste, og til vinnarlaget i den eldste klassen. Det vert ikkje noka tidtaking i dag, det som er viktigast er at løparane skal ha det kjekt, seier Lars Olav Larsen.
Erfaren fireåring
Tonje Hausberg Bjerge (4) frå Vikebygd var ein av dei som stilte til start. Sjølv om ho berre er fire år, har ho alt rukke å stått på ski halve livet.
— Eg synest det er kjekt, og så kan eg kjøra ganske fort, seier ho og stabbar av garde.
Ein annan som stilte til start var ein av dei som trenarane i skigruppa reknar som eit stort skitalent. Jarle Åsheim (12) frå Vikebygd, har allereie markert seg i skisporet og fått gode resultat i ulike skirenn.
— Har du lyst til å satse på skisporten?
— Ja, eg har veldig lyst å bli god, seier han.
— Har du noko ski-idol?
— Ja, Ole Einar Bjørndalen, seier Jarle Åsheim (12).
Freistande servering
Det mangla ikkje på verken vått eller tørt for den sporty skigjengen.
Inne i varmestova på Fjellstøl var det sal av både pølser, heimelaga kaker og nysteikte lappar.
I alt var det påmelde 24 individuelle løparar, og seks stafettlag med tre løparar på kvart lag.
Sjølv om det vart både fire og fem medaljar i Torino, vart nok vinnarane på Fjellstøl minst like stolte og glade for medaljane sine. Skirekrutteringa er på topp i Vindafjord og arrangørane kan trygt seie seg nøgde med eit veldig flott arrangement.