Første ergoterapeut på plass

— Det er veldig spennande for meg. Det har ikkje vore ergoterapeut her før så […]

— Det er veldig spennande for meg. Det har ikkje vore ergoterapeut her før så det er litt opp til meg korleis eg formar denne stillinga. Eg vil nok sjå behova betre og betre etter kvart, seier Anita Staurland.
Ho har sidan 1. januar vore administrativt tilsett som ergoterapeut i Etne kommune, og har også i kortare periodar jobba i kommunen. Nå er ho blitt fast tilsett i 50 prosent stilling.

Aktivitet
Tilsetjinga er ein del av Etne sin handlingsplan for fysioterapitenesta 2005-2008. Denne inneber også eit samarbeid mellom private og kommunale fysioterapeutar.
— Det er veldig bra at kommunen har våga å tilsetja ein ergoterapeut. Det er ikkje ei stilling kommunen har plikt til å ha, og då blir det ofte nedprioritert. Det er veldig avhengig av om folk kjenner til faget og har sett nytten av det, seier Staurland.
Dei næraste kommunane som har ergoterapeut er Tysvær og Odda.
Ergoterapi går i korte trekk ut på å behandla til aktivitet gjennom aktivitet.
— Me behandlar direkte gjennom trening og indirekte ved å legga til rette hus, på arbeidsstaden eller skule eller søkja på hjelpemiddel. Arbeidet med hjelpemiddel blir hovudtyngda mi framover, seier Staurland.
— I ergoterapi går ein ut frå at aktivitet kan fremja helsa og viss me får problem med å utføra ein aktivitet, er ergoterapi aktuelt, forklarer Staurland. Det kan til dømes skuldast funksjonshemming, sjukdom, skade eller fordi ein har utført ein aktivitet feil som fører til eit helseproblem.

Kortare ventelister
Tidlegare har heimesjukepleien og fysioterapeutane tatt seg av arbeidet med hjelpemiddel og det har gått på kostnad av andre oppgåver dei skal utføra.
— Nå kan eg frigi litt av deira tid ved at eg tar meg av hjelpemidla. Eit mål er å få ventelistene på kurativt arbeid hos fysioterapeutane ned, og det vil folk gjerne merka ved at dei kjem lettare til hos fysioterapeut. Behandling og tilrettelegging heime blir også kanskje større enn før, seier Staurland.
Og skal ein tru den nytilsette ergoterapeuten, er det meir enn nok å ta tak i.
— Eg kunne sikkert ha fylt to stillingar, men dette er ein positiv start, seier ho.
Helseleiar i Etne kommune, Marion Kallevik, gler seg over at stillinga endeleg er på plass.
— Det er banebrytande at ein kommune som er i ein slik økonomisk situasjon, tilset ein ergoterapeut som ikkje er ei må-stilling. Dette vil bety utruleg mykje for brukarane, seier Kallevik.
Staurland var ferdig utdanna ergoterapeut våren 2003. I tillegg til jobben i Etne, jobbar ho delvis som miljøterapeut i Sandeid. Tidlegare har ho også jobba som ergoterapeut i Tysvær kommune.