— Eg likar vêret, slår Mona Shihadeh (13) fast.
Torsdag kom ho saman med 17 andre palestinarar til Etne. Følgjet frå den lutheranske kyrkjelyden Abrahams hus i byen Beit Jala på Vestbreidda, skal besøke vener i Etne og Noreg i to veker. Det blei ein våt start på turen. I regnvêret på Kritle i Etnefjella skulle dei padle kano for første gong fredag føremiddag, og det var ikkje berre enkelt.
Godt å komme vekk
— Det er ein annan natur der me kjem frå. Me har ikkje så mykje vatn, forklarer Imad Haddad.
Han har praksis i den palestinske kyrkjelyden medan han utdannar seg til prest. Saman med student Elia Zeidam, kokk Nucha Aiyash og Manwa Mislet, som jobbar på eit hotell drive av kyrkjelyden, uttrykkjer han stor takksemd for innbydinga til Noreg. Ho kom frå speidaren, kyrkjelyden og Røde Kors i Etne. Det er første gong dei fleste palestinarane er i Noreg, men det er ikkje lenge sidan dei hadde besøk i Beit Jala frå kyrkjelyden i Etne. Kontakten med kyrkjelydar i andre land er eit ledd i arbeidet deira med å skape dialog, forståing og forsoning. Byggje bruer, som Imad kallar det.
— Det er godt å komme ut og sjå korleis folk lever utanfor, langt frå kontrollstasjonar. Det er vanskeleg både politisk, økonomisk og mentalt der me bur. Me uroar oss ofte, og me må heile tida tilpasse oss situasjonen, forklarer Imad på engelsk, medan han overset frå arabisk det dei andre seier.
Lys i tunnelen
Han fortel vidare at dei er 600 medlemmer i kyrkjelyden, som er den minste i Beit Jala. Mellom anna driv dei ein stad dei kallar Abrahams herberg.
— Det er ein plass for å komme saman og snakke, uavhengig av religion, seier Imad.
Før kunne også israelarar og palestinarar møtast på herberget, men dei siste åra har situasjonen forverra seg. Dei fire palestinarane har tru på at ting vil bli betre, og dei jobbar for at folk skal ha håp.
— Mister folk håp?
— Det er ein komplisert situasjon. Nokon gonger mister me håp, og nokon gonger får me håp, forklarer Imad.
— Men det er lys i tunnelen, legg Nucha til.
Bygginga av den velkjende muren mellom Israel og Palestina gjer ikkje ting betre, seier dei. Han skil ikkje berre land, men også palestinarar frå kvarandre, samstundes som folk blir skilde frå jorda si. Dei fortel at strengare grensekontrollar også har gjort det vanskelegare for folk å få arbeid, og stor arbeidsløyse og fattigdom er ein del av kvardagen.
Treffe folk
Likevel, gjennom ulike prosjekt, sosiale aktivitetar, musikk og kjærleik opplever den kommande presten at dei når fram. I Etne håpar følgjet å skape nye kontaktar og ny forståing, som kan hjelpe dei i arbeidet deira.
— Me er berre vanlege folk med våre problem, framhevar Imad.
— Eg gler meg til å møte folk, seier 13-årige Mona.
Dei palestinske gjestene skal mellom anna bu hos vertsfamiliar i Etne, vere med på fotballcup og reise til padleleir i Telemark. Norsk natur vil dei gjerne oppleve meir av, både med og utan regn.
— Her er så naturleg grønt, og fjella er flotte, seier Elia, som med god hjelp frå kanoinstruktør Atle Aas kjem seg utpå fjellvatnet.
Første gong i kano
— Eg likar vêret, slår Mona Shihadeh (13) fast. Torsdag kom ho saman med 17 […]