Første nye vindafjording

Den vesle jenta er Torunn Roa (26) og Tore Eikesdal (34) frå Ølensvåg sitt første […]

Den vesle jenta er Torunn Roa (26) og Tore Eikesdal (34) frå Ølensvåg sitt første barn, og Grannar møter dei nybakte foreldra på Haugesund sjukehus.
— Det har ikkje heilt gått opp for oss endå at denne skal bli med heim, seier Torunn Roa og ser på det vesle nurket.
Den yngste borgaren i den nye kommunen er nemleg ikkje av det største slaget, med ei vekt på 2.612 gram og ei lengd på 47 cm.
— Tore sendte melding om at ho var 6.212 gram og fekk høyra at det var då veldig stort, ler Roa.
Dersom den vesle jenta hadde blitt født to dagar før, hadde ho blitt født inn i gamle Ølen kommune. Men først natt til 2. januar skjedde fødselen, og ho blei såleis historisk som den første fødde nye vindafjordingen.

Koseleg
Det at dottera er den første fødde i den nye kommunen, har ikkje dei nybakte foreldra tenkt så mykje på.
— Eg tenkte ikkje på det før dei sa det på sjukehuset. Det er jo koseleg, seier Roa.
Dei ferske foreldra er førebudde på at mangt nå blir annleis.
— Det blir ein ny livsstil, dette. Det er mykje å tenka på, seier Eikesdal.
Fødselen gjekk greitt utan komplikasjonar og 2. januar kl. 03.33 kom jenta til verda.
— Det var vondt, men det var ein fin fødsel, nesten utan smertestillande, seier Roa.
Nå går det mest i soving for den unge vindafjordingen, som har fått namnet Charlotte.
— Ho er veldig snill og søv for det meste, seier Roa, som berre mangla tre dagar på å bli mor på 26-årsdagen sin i dag.

Nyttår med rier
— Eg trudde det skulle skjedd på nyttårsaftan. Me var her ute då, men det var falske rier og me blei sende heim igjen. Så eg feira nyttår med rakettar og rier, seier Roa.
Paret har så langt ikkje planar om å bidra med fleire vindafjordingar.
— Ikkje med det første, kjem det kontant frå mamma Roa, mens pappa Eikesdal berre gliser og seier han er i fin form.