Første steg frå bakken

— Konge, kjem det frå ein gut nedst i bakken. Han har hatt eitt av […]

— Konge, kjem det frå ein gut nedst i bakken. Han har hatt eitt av sine første svev med paraglideren.
På bakken hos ein bonde på Grønstad i Etne ligg skjermar i fargerike fargar. Innimellom slår dei seg opp og grønt, oransje, blått og raudt kjem flygande nedover.
Sist helg arrangerte Haugaland Hang- og Paragliderklubb gratis introduksjonskurs i paragliding. Denne helga startar kurset opp for dei som blar opp 7.000 kroner. Med totalt 17 ferskingar gav det deltakarrekord på introduksjonskurset.
— Eg har aldri opplevd maken. Det kan bli eit rekordsvært kurs, men me får sjå om dei blir så gira at dei vil gjennomføra kurset, seier Helge Risanger, instruktør i Haugaland Hang- og Paragliderklubb.

Strake armar
— Det aller første me gjer er å ta på hjelmen. Det er to påbod i paragliding; hjelm og ryggbeskyttelse, formanar instruktør Tone Ekkje frå Hardanger Paragliderklubb.
Det gjeld å få fart på skjermen slik at den blir fylt opp med luft. Ved 15-20 km i timen flyr skjermen, og dess meir motvind, dess mindre treng du difor å springa.
Ekkje forklarer deltakarane korleis dei skal få opp skjermen og gangen vidare når den er oppe.
— Armane skal vera godt ut og bak. Dra opp skjermen med eit jamt drag, ikkje eit rykk. Når du kjenner skjermen over hovudet, slepp du a-linene. Når du skal stoppa, tar du eit jamt drag med bremselinene medan du held fram med å springa, instruerer Ekkje.
Deltakarane startar først på flat mark for å trena på start og landing. Etter kvart som dei får taket på det, jobbar dei seg lengre og lengre opp i bakken.
— Strake armar, roper Helge Risanger til ein av deltakarane og forklarer:
— Det er kroppen og seletøyet som skal ta deg i gang. Viss du berre bruker armane, får du problem med å få luft i skjermen, seier Risanger.
— Det er artig. Kjempekjekt, seier Kristoffer Sunnhordvik (22) frå Etne, som hadde følgje av brørne sine, Rasmus (18) og Fredrik (16), på introduksjonskurset. Dei gav uttrykk for at mamma Sunnhordvik ikkje var heilt begeistra for sønene sine påfunn.
— Mamma likar det ikkje, men pappa synest det er stilig, seier Fredrik.
Lars Erik Tveit (20) frå Skjold flyr hangglider og veit korleis det kjennest å vera i lufta.
— Skal bli saker, dette. Det verkar ikkje umogleg å få til, seier Tveit medan han kontrollerer at snorene på skjermen ikkje er vikla inn i ein annan.
— Det gjekk fint. Mykje å passa på, men det gjekk av seg sjølv då eg sprang nedover, seier Roald Litlehamar (16) frå Etne etter å ha mista fotfestet.

Alle i lufta
For Geir Jæger (51) frå Bømlo er det ein gammal draum som nå går i oppfylling.
— Det har vore ein draum lenge, men det har aldri blitt noko av, seier 51-åringen, som er fast bestemt på å gjennomføra kurset.
— Kvifor har det vore ein draum?
— Eg trur det er slik alle har det, ønsket om å fly ligg hos dei fleste, seier Jæger.
— Det er første dagen og me har 14 mann i lufta. Det er bra, oppsummerer ein nøgd Risanger.

Basert på sjølverfaring
Etter klare oppfordringar frå deltakarane, klarer ikkje lenger Grannar sin utsende å stå imot. Det ser frykteleg tungt ut å få skjermen opp, men akk så kjekt det må vera å fly.
Nei, dette må testast. Etter myndig instruksjon frå Ekkje, er utstyret på plass og eg er klar for å prøva på min første flygetur.
Eg spring nedover i bakken og kjenner at skjermen stig oppover. Det same gjer eg. Eg er i lufta! Konge, tenkjer eg der eg svevar over bakken og skrattar av glede. Eg flyr! Det kjennest heilt herlig ut.
Bunk! Eg landar halvvegs oppå ein annan sin skjerm.
I kampens heite gløymde eg alt som hadde med bremsing og landing å gjera. Gleda over å vera i lufta tok overhand. Her må nok litt meir øving til, men kva gjer vel det. Eg har foke!