Førstemann i boblebadet

— Herleg, utbryt Omil Eikanes på spørsmål om korleis det er oppi boblebadet. Han gliser […]

— Herleg, utbryt Omil Eikanes på spørsmål om korleis det er oppi boblebadet. Han gliser frå øyre til øyre og nyt det varme vatnet og boblene.
Torsdag blei ei splitter ny velværeavdeling ved Vindafjordtunet i Nedre Vats opna. Omil Eikanes hadde fått æra av å vera den første opp i boblebadet. Iført nyinnkjøpt turkis badebukse i høve opninga stod han i stil med interiøret.
— Eg trur eg må få meg eit slikt, seier han om boblebadet.
— Eg har eit badekar heime, men det blir jo ikkje det same, seier 87-åringen. Det at han var omkrinsa av dei tre damene som har sett det heile ut i livet, var heller ikkje å forakta.
— Det er jo damene som utgjer det meste. Eg har tre stykke her som står og held vakt, ler han.

Luksus
Omsorgsarbeidar Vigdis Ohm, aktivitør Hanne Matre og sjukepleiar Kristine Knutsen, har saman med vaktmeister Johannes Ohm, stått for ideen og utforminga av velværeavdelinga. Med dempa lys, roleg musikk, lekkert interiør, turkise handkle og stearinlys, minner rommet lite om eit travelt institusjonsbad.
— Eg såg på fjernsynet at nokon hadde gjort dette i Nord-Noreg, og dei syntest det var så flott. Då tenkte eg at kvifor kan ikkje me ha det like flott her, seier Hanne Matre. Ho gjekk med tankane sine til pleie- og omsorgssjef Hilde Haraldseid, som tente på ideen.
— Det skulle vera litt luksus, ikkje berre eit badekar, seier Kristine Knutsen, medan den badande Eikanes ser ut som han held på å duppa av. Damene har plukka ut interiøret. Vaktmeisteren har utført sjølve arbeidet. Flisene er malte lyse, spotlight med demparar er sette opp i taket og rommet er stengt for gjennomgangstrafikk. Her skal mas og kjas stengast ute. Dette skal vera ein stad for nyting og rolege stunder. Heile stasen kostar 160.000-170.000 kroner, og er finansiert via gåver og legatpengar.

Heile kommunen
— Har ein tid til å ta dei gamle med her i ein travel kvardag?
— Me har tenkt at dette skal vera i staden for dusj. Den dagen ein går inn her, kan bebuaren få frukost på senga og så tar me han med her etter frukost når det har roa seg, seier Vigdis Ohm.
— Pårørande har gjerne også lyst å bidra. Me får til det me vil, når me legg til rette for det, seier Hilde Haraldseid. Rommet er ikkje berre ope for dei som bur ved Vindafjordtunet, men for alle som mottar pleie- og omsorgstenester i nye Vindafjord kommune. I tillegg får også pasientvennene tilbod om å bruka rommet.
— Me er innom her minst ein gong om dagen berre for å sjå på rommet. Me blir i godt humør berre av å sjå det, seier Haraldseid.
I vår fekk også Vindafjordtunet eit eige rom for frisør- og fotpleie og eit for fysioterapeuten.
Omil Eikanes finn roen i boblebadet, og er på god veg til å få ekte badehud.
— Dette var første gong, men det blir ikkje siste. Ufatteleg kva dei kjem på å laga til. Ein så herleg ting, seier Eikanes før han må lausriva seg frå badet og damene.