Fortent siger

Dette vedtaket hadde truleg ikkje komme utan kamp frå dei eldre. Dei har kjempa som […]

Dette vedtaket hadde truleg ikkje komme utan kamp frå dei eldre. Dei har kjempa som løver mot oppvarma middag sidan i mars, og har ikkje fira ein tomme. Dei har stilt opp på møte rundt i heile kommunen når maten til dei eldre har vore tema. Med fast blikk og plakatar i nevane har dei møtt politikarane.

Når også leiar i eldrerådet og Sp-politikar Dominikus Bjordal stilte på barrikadane for å føra deira sak, var det ikkje mykje puff igjen i politikarane sine argument for oppvarma mat. Med si erfaring frå matlaging på Bjordalstunet kunne han med tyngde forkynna at maten ikkje er den same når han blir oppvarma.
— Men det handlar eigentleg ikkje om god eller dårleg mat, men om vi som politikarar skal vite best kva mat andre skal ete. Når det blir ovanfrå og ned, er det ikkje lett å få gehør, sa vararepresentanten Bjordal i kommunestyret.

Det var nok dette, pluss tidlegare uttale om at oppvarma mat er god nok, som fekk dei eldre til reagera så kraftig. Dei ville ikkje finna seg i at andre skulle fortelja dei kva som er godt nok. Det var nok her politikarane forrekna seg og som til slutt førde til at dei måtte gjera full retrett.
Men det treng dei ikkje ha vondt av. Det er som kjent inga skam å snu. Og i dette tilfellet var det heilt nødvendig. Både for at dei eldre skal få den beste maten, og ikkje minst av respekt for ei gruppe i samfunnet som har akkurat like stor rett til både å uttala seg og til å krevja sin rett som alle andre. Deira siger er ikkje berre ein siger over kva middag dei vil bli servert, men også ein siger for demokratiet.