Forum for handel og service

— Tidspunktet for ei omorganisering er rett. Ølen blir senteret i nye Vindafjord kommune på […]

— Tidspunktet for ei omorganisering er rett. Ølen blir senteret i nye Vindafjord kommune på same tid som Ølen er i gang med å styrkje seg som senter for indre Haugaland, seier Torunn Dalaker og Magne Kristian Haugland.
Ho er leiar, og han er sekretær i arbeidsutvalet som er sett ned for å danne eit forum for dei som driv næring og som eig ein eigedom i Ølen sentrum og naturleg tilliggande område, inkludert Ølensvåg.

Stor interesse
Det var heile 70 frammøtte den 6. april i år då det vart kalla inn til møtet som skulle førebu etablering av Ølen Forum.
— På møtet rådde det ein optimistisk tone om å stå fram samla med breidda i alle tilboda våre, seier dei.
Arbeidsutvalet vart sett ned i starten av februar av eksisterande handelstandsforening.
Tanken som ligg bak når det gjeld å danne eit nytt forum, er å samle breidda i handel, service og anna næring.
— I dag er Ølen handels- og servicesenteret for indre Haugalandet, og for å få dette skikkeleg fram, er det nødvendig med ei ny organisering, seier Dalaker og Haugland.
Når Ølen Forum blir formelt konstituert den 28. april, vil det bli lagt fram eit utkast til vedtekter for den nye organisasjonen.

Organisasjonsmodellen
Ølen Forum for handel og service, vil få eit styre på seks personar. I styret vil det sitje to personar frå kvart av tre arbeidsutval. Eit arbeidsutval for varehandel, eit for tenesteleverandørar og eit for sentrumsinteressene.
— Det er viktig å synleggjere breidda i tilboda, og vi vil gå god for at alt du treng finn du i Ølen. Det forpliktar å vere eit regionsenter for indre Haugalandet, seier dei.
Dei meiner potensialet når det gjeld medlemmer i den nye organisasjonen ligg på 80 – 100 medlemmer, og at det alt i dag er rundt 60 interesserte.
Sjølv om dei er forsiktige med å snakke om arbeidsoppgåver i eit nytt styre, seier dei at ein del arbeidsoppgåver berre ligg og ventar på å bli sette ut i livet. Dette er mellom anna eit informasjonskart som skal liggje i butikkane, der ein kan sjå kor ein kan finne forskjellige tilbod. Likeins er det viktig å samkøyre arrangement, pluss at den nye organisasjonen så snart som mogleg må få sin eigen logo. Det blir og viktig å vidareføre ting som fungerer, som blomsterprosjektet i Ølen sentrum er eit godt døme på.
Til slutt minner dei om at om nokon ikkje er blitt kontakta må dei ta kontakt med ein av dei to. Dersom nokon sit på ein forretningside, så er det ledige lokale.