Det undrar meg at Sigbjørn Mortveit meiner å kunna fastslå at KrF. på grunn av Dagfinn Høybråten sin handlemåte, tapte eit mandat i Rogaland. Den kunnskapen trur eg han må vera åleine om. Faktum er at Rogaland trass i tilbakegang, var eitt av dei få fylka der KrF heldt stillinga når det gjeld stortingsmandat. Partiet fekk to representantar som sist. Røystetalet var vesentleg større enn i 2003.
Etter mitt syn viste Rogaland KrF verkeleg storsinn ved å nominera partileiaren, trass i at han ikkje bur i fylket. Det var ein gest til han.
Sigbjørn Mortveit reknar ikkje med at Dagfinn Høybråten er så interessert i Rogaland etter valet. På dette punktet kjenner eg meg heilt trygg på at både Sigbjørn Mortveit og alle andre skal få sjå noko heilt anna. Underskrivne har kjent Dagfinn Høybråten i om lag 30 år, og eg veit mykje om kva kvalitetar han sit inne med som politikar og som menneske. Han er ein person du kan lita 100% på, eller som det vart sagt om ein av dei gamle: «Han var ein mann det ikkje fanst svik i.»
Elles synest eg det er leit at Sigbjørn Mortveit melder seg ut av KrF. Kor vil han finna eit parti som forsvarar liv, menneskeverd og andre kristne grunnverdiar i same grad? Mi von er at Sigbjørn Mortveit ut frå sitt grunnsyn om eit år eller to er tilbake der han starta i politikken.
Hans Olav Tungesvik
Forundra over Sigbjørn Mortveit
Det undrar meg at Sigbjørn Mortveit meiner å kunna fastslå at KrF. på grunn av […]