Kring 150 fotballungar frå ni til fjorten år deltok i årets fotballskule i regi av GrannKam Vindafjord. Det var ikkje rekord, men leiar i klubben, Leif Kro, er likevel nøgd med årets arrangement. Med solskin og flott ver, kunne alt leggjast ute på grasbanen og på grusbanane ved idrettshallen og Ølen skule.
— Det var bra det vart fint ver, det betyr veldig mykje, seier Kro.
Av dei 150 ivrige fotballungane, var det flest av dei yngste, og berre ti-femten av dei eldste på fjorten år.
— Dei finn kanskje på noko anna enn fotball når dei vert noko eldre, seier Arne Ohm, som var med og organiserte fotballskulen.
Ein time til dagen var det matpause med varm middag på samfunnshuset, der ein nordsjøkokk var henta inn som matansvarleg. Middag og ny energi må ein ha om ein skal halde ut heile dagen.
Flinke instruktørar
Frank Abelseth, som er trenar for GrannKam Vindafjord sitt a-lag, var saman med dei tidlegare trenarane Ståle Berge og Georg Opsal og resten av GrannKam-staben, med og støtta opp instruktørane og å halde kontroll på arrangementet. Spelarar frå eige a-lag og juniorlag var med som instruktørar for dei forskjellige aldersgruppene.
— Nå skal me ha litt skot på mål, så får me òg testa finten de nettopp lærte, seier instruktør og a-lagsspelar Anders Stenberg. Dei ivrige fotballspelarane stiller seg glade i kø for å fyre av skot på mål. Første jente av garde var Mari Klokkerstuen Kjellesvik, som dribla seg rundt kjegla og skaut rett i mål bak keeperen.
Onsdag var det også klart for FK Haugesund-spelarar som kom til Ølen for å vera med som instruktørar og skapa inspirasjon. Veteran Jostein Grindhaug har vore på fotballskulen fleire år før, og var i Ølen saman med lagkamerat Arild Andersen.
— Det er alltid populært med spelarar som er på eit høgare nivå enn våre eigne instruktørar, seier Leif Kro.
VM-feber
Dei fleste ungane gav uttrykk for at dei lika seg godt på fotballskulen og fekk læra mykje som dei kunne ta med seg vidare i fotballkarrieren.
— Det er ein bra skule! Me lærer jo litt, og samtidig får me spela mykje fotball, sa ein nøgd Oskar Aakre Haaland. Med fotball til klokka tre, og VM-kamp klokka fem, vart det mange timar fotball for deltakarane. Aakre Haaland stilte med Italia-drakt, men det var ikkje favoritten i VM.
— Det må bli Frankrike eller Argentina, sa han litt usikkert. Men Brasil var nok den store favoritten blant dei unge spelarane på banen.
— Brasil er best! Og den beste spelaren er Ronaldinho, meinte Simon Abelseth.
— Kvifor kjem Brasil til å vinna då?
— Jo, fordi nå har han slakke Ronaldo fått opp farten igjen, og det kan bli mange mål.
Fotball heile dagen
Kring 150 fotballungar frå ni til fjorten år deltok i årets fotballskule i regi av […]