Grannar har snakka med trenarane for laga i distriktet om korleis dei ser på den komande sesongen.
GRANNKAM
Spelar i år i 4. divisjon
Trenar: Ståle Berge frå Tysvær
Spelarsituasjon: Det er ein positiv glød blant både trenarar og spelarar. Fleire unge spelarar som har gjort det godt, er på veg inn i laget. To veteranar er attende i GrannKam-drakta: Erik Reistad og Georg Opsal. Sistnemnde skal òg fungere som hjelpetrenar.
Mål for sesongen: Målet er å kjempa i toppen. Å rykkje opp til 3. divisjon er inga umogleg oppgåve.
Baneforhold: Banane til GrannKam er i god stand. Grannkam skal i år spela vårsesongen i Ølen, og haustsesongen i Vikedal.
Treningskampar: Resultata på treningskampane har vore litt opp og litt ned. Grunnen til at det ikkje har gått betre er at det har vore vanskeleg å toppa laga i desse kampane.
BJOA/VIKEBYGD
Spelar i år i 6. divisjon
Trenar: Tormod Sandsgård frå Bjoa
Spelarsituasjon: Dårleg. På treningane er det i snitt 5-6 mann, til trass for at laget no har slått seg saman med Vikebygd. Problemet til dette laget vert difor å skaffe nok spelarar til kvar kamp.
Mål for sesongen: Behalde plassen i 6. divisjon.
Banen: Stort sett fin bane. Nokon har køyrt traktor på banen, så spelarane må slite med litt traktorspor på vårparten.
Treningskampar: Ingen
SKJOLDAR
Spelar i år i 5. divisjon
Trenar: Åge Liff frå Haugesund
Spelarsituasjon: Slit med mykje skadar og sjukdom. Spelarstallen er forholdsvis liten, difor er det dårleg med reservar dersom nokon fell frå.
Mål for sesongen: Stabilisere seg i 5. divisjon.
Banen: Kunne vore betre. Trenaren er ikkje fornøgd med treningsforholda og meiner det er altfor mange lag som brukar den eine grasbanen som fins.
Treningskampar: To uavgjort, ein siger og to tap.
VATS 94
Spelar i år i 5. divisjon
Trenar: Arne Sakarias Tveit frå Aksdal
Spelarsituasjon: Har mange spelarar å ta av. Har på det meste vore 22 mann på trening. Har mange bra unge spelarar, som kjem til å yte mykje i tida som kjem. Det ser lyst ut for fotballen i Vats.
Mål for sesongen: Vil gjere det betre enn i fjor. Då var dei i nedrykksstriden, og hamna til slutt tredje sist.
Banen: Ikkje heilt på topp. Skal gjere litt grøftearbeid på den seinare i år.
Treningskampar: Vunne to og tapt to.
ETNE
Spelar i år i 5. divisjon
Trenar: Martin Moe frå Etne
Spelarsituasjon: Ein ung og talrik tropp. Har tjue spelarar tilgjengelige, noko som er betre enn på lenge.
Mål for sesongen: Vinna kvar kamp! Satsar på å hamne i øvre del av tabellen, og aller helst i kampen om opprykk.
Banen: Har både grus– og to grasbanar, men det er mange lag i sving i Etne, noko som gjer at slitasjen er stor. Det er også snakk om å ikkje bruke Steinsvollen no på vårparten, då den skal opprustast til årets Etne cup.
Treningskampar: To sigrar, ein uavgjort og eit tap.