Fotballskulen utvidar

Påmeldingane strøymer allereie inn, men Leif Kro i GrannKam Vindafjord håpar å trur at dei […]

Påmeldingane strøymer allereie inn, men Leif Kro i GrannKam Vindafjord håpar å trur at dei skal greia å ta imot alle som vil vera med. Rekorden frå i fjor er 165 deltakarar. Sjølv midt i fotball-VM reknar han at denne rekorden vil ryka. Det er tiande gongen denne typen fotballskule blir arrangert i Ølen.
Frank Abelseth, Ståle Berge og Georg Opsal blir med som trenarar, i tillegg til arrangørklubben sine eigne a-lagsspelarar og juniorspelarar.
To eller tre førstedivisjonsspelarar frå FK Haugesund kjem også til å vera med på fotballskulen. Kven dette blir, veit ikkje arrangørane ennå, for det blir bestemt i siste liten. Dermed kan det vera eit spenningsmoment for dei unge fotballspelarane kven som kjem. Fotballskulen lokkar også med andre overraskingar.
— Me ønskjer at dei unge skal læra. Dei skal ha sportsleg utbyte av fotballskulen, sjølv om det også skal vera leik og løye, lovar Kro.