Fotballstart i februar

Opningskampen mellom dei to rivalane blei ein våt og mørk affære. Det kraftige regnvêret i […]

Opningskampen mellom dei to rivalane blei ein våt og mørk affære. Det kraftige regnvêret i andre omgang inspirerte ikkje til tekniske finessar på Etne-grusen. Etter tilhøva spelte begge laga god og offensiv fotball, til glede for imponerande 50 tilskodarar. Det blei litt uventa dramatikk då lyset brått forsvann ti minutt før slutt. Etter ein kort pause fekk laga nok lys til at dei kunne fullføra kampen.
Alle 3., 4. og 5.divisjonslaga i Nord-Rogaland og Sunnhordland er inviterte med i meisterskapen. Innleiingsvis spelar GrannKam og Etne i gruppe med Skjold, Torvastad, Vedavåg, FK Haugesund 2 og Djerv 1919. Etter at alle har spela mot alle i enkel serie, går dei tre beste i gruppa vidare til kvartfinalane. Finalen går på Vea laurdag 8. april.
— Dette er rekordtidleg sesongstart for fleire av laga som er med, seier Olav Askeland i Skjold IL, som arrangerer meisterskapen.
Det aktive idrettslaget frå Grinde i Tysvær kommune har lagt ned mykje arbeid i Vintercupen, som blir arrangerert for første gong i år.
— Det verkar som at folk er positive. Det samlar fotballen i distriktet. Eg håpar berre at det ikkje blir for mykje snø, slik at me får kampprogrammet til å flyta, seier Askeland, som følgde spent med på vêrmeldinga før dei første kampane.
Sponsorar har gjort det mogleg å lokka med 10.000 kroner i førstepremie, 7.500 kroner i andrepremie og 5.000 kroner i tredjepremie. Skjold IL har tankar om å dra i gang ein regional vintercup kvar vår i åra framover.

Remax Vintercup, pulje 2
Grusbanen i Etne, 8. februar
Etne-GrannKam (1-1) 1-1
Mål: 1-0 Kenneth Krokå
1-1 Espen Vaka.
Dommar: Vidar Aastvedt, Etne
Ca. 50 tilskodarar.