Fotballsuksess i Etne

Eg var så heldig å storligt nyte godt av fotballaktivitetene til Etne idrettslag frå 8-årsalderen […]

Eg var så heldig å storligt nyte godt av fotballaktivitetene til Etne idrettslag frå 8-årsalderen og fram til godt og vel halvstyving. Minnest det var omtrent ein selvfølge for oss ivrige fotballspelerar at me hadde trenerar og at opplegget rundt kamporganisering fungerte.
Huska ikkje om me sa tydeleg takk for innsatsen ein gong til våre engasjerte hjelperar. Det trur eg faktisk barn og unge i dag er flinkare til.
Men det er i ettertid me verkeleg ser alt prisverdige arbeidet og den positive innsatsen som blir gjort. Både i år det går trått og i år som nå, med imponerande resultat.
I fotball som i arbeidslivet er det oftast når ne har engasjerte leierar og det er moro å spela, at resultatene kjem. Og det viktigaste resultatet blir trivsel! Engasjerte foreldre og føresette er viktigare nå enn nokon gong. Idrettsarbeidet og andre positive tilbud til barn og unge er beste investeringa me kan gjera. Her er nok mange som har gjort seg fortent til det utvida tilbudet ei utbygging av kulturhuset vil gje, både for idrett og andre aktiviteter! Måtte berre skriva det. Blir spennande å følgje med vidare. Det er nok ikkje så lange speleferien før det kribla i fotballbeina igjen.

Leif Arne Løvereide