Frå bebuarar i grenda Vestbø i Sandeid

Riksveg 546 går gjennom grenda vår, vegen er 5 meter brei og har veldig stor […]

Riksveg 546 går gjennom grenda vår, vegen er 5 meter brei og har veldig stor trafikk, ca. 1500 bilar i døgeret, og mykje av dette er tungtrafikk. På denne smale og sterkt trafikkerte vegen, må og dei mjuke trafikkantane ta seg fram, av dei er 26 under 15 år. I fleire år har me kjempa for å få sykkel- og gangsti på denne farlege skulevegen. Me har skreve, me har snakka, me har hatt møte med både den eine og andre, men forgjeves. Det kan sjå ut som både Vegvesenet og Kommunen har gløymt oss. Dei finn løysingar andre stader i kommunen, no sist i Ølensvåg der dei skuldar på at sykkel og gangsti kan lagast i lag med andre oppgåver. Vel og bra det, men det krevst både planlegging av Statens Vegvesenet og forskottering av kommunen. Me er ikkje i tvil om at både sykkelstien frå Øklandsvegen til Ølen, og det siste prosjektet i Ølensvåg er med og forskyv vår etterlengta sykkel og gangsti. Me møter sakte medhald og gode ord, men det blir ikkje gangstiar av det. Det einaste positive er at planlegginga korleis han skal byggast, skal visst vera kome langt. Men pengar finn ingen, enda det skal ikkje så mange kronene til, det er snakk om ein gangsti på 800 meter i flat dyrka mark der alle grunneigarar er positive. Me hadde verkeleg håpt at signalet me fekk frå Statens Vegvesen ved juletider om at den skulle byggjast i år var rett, men no har me høyrt at den ikkje er på prioriteringslista for neste år heller. Får me ikkje straks positive signal på snarleg oppstart, så ser me oss nøydde til å ta andre middel i bruk. Me har fleire vore inne på tanken om å stengja riksveg 46 fysisk frå klokka 7.30 til 8.30. Frå første skuledag til hausten vil dette bli gjort. Det er ei ulovleg handling vil mange seia. men det må og vera ulovleg av dei ansvarlege myndigheiter og ikkje syta for trafikksikring på farlege vegstrekningar. Og vegen mellom Vestbø og Sandeid skule er sett i kategorien «farleg skuleveg ».

Helsing bebuarar i Vestbø
Erik Grønnestad
Sandeid