Frå dei rikes bord

Ikkje uventa har han fått både støtte og motstand til forslaget sitt. Dei rike nordmennene […]

Ikkje uventa har han fått både støtte og motstand til forslaget sitt. Dei rike nordmennene Ola Mæhle, Carl Otto Løvenskiold og Ellen Nicolaisen meiner at Solheim ikkje har rett i sin kritikk. På den andre sida får Solheim støtte frå milliardær Trond Mohn og tidlegare statsminister Kåre Willoch. Mohn, som truleg er ein av dei mest gåvmilde rikingane her i landet, seier til VG onsdag at dei rike må bli rausare, og seier seg samd i Solheim sin kritikk.
Willoch meiner dei rike ikkje berre må bli rausare, men mykje rausare. Han likar dårleg dei tendensane me ser i dag med overdådige festar og store lystyachter. Han åtvarer mot ekstremisme på alle område.

Det er ikkje vanskeleg å vera samd i kritikken av pengebruken til mange rikingar her i landet. Dei brukar pengar på eigen luksus som for vanlege folk overstig all mogleg fornuft. Dei klarer å kapra seg ferieperler innafor den berømte 100-meterssona, dei flottaste fjelltomtene, bilar og båtar i prisklassar himmelhøgt over det som er normalt, også i rikmannskrinsar.

Likevel klarer me ikkje heilt å slutta oss til utspelet frå Solheim. Me fryktar at det lett kan oppfattast som almisser frå dei rikes bord. Den tida håpar me er forbi i Noreg. Me vil heller oppfordra dei som har pengar til overs om å investera dei i føretak som også kan komma andre til gode. Anten det er her til lands eller i U-land. Me minner om at det ute i distrikta er eit skrikande behov for verksemder som kan gi nye arbeidsplassar.