Caligvla’s Sisters består av to tilflytta etnebuar, Sølve Storm Opdal frå Haugesund på bass og Vegar Øyfoss frå Fredrikstad på gitar og trommar, samt den lokale kunstnaren Jan Terje Rafdal på gitar og vokal.
Den fjerde medlemmen, Thomas Thomassen, er mellombels ute av bandet på grunn av studiar i Stavanger. Helene Fatland skal difor vera med på trommar under platesleppkonserten den 29. desember i kjellaren til Fugl Fønix.
Multitalent
— Det heile starta med jamming i Thomas sin kjellar for to år sidan, der me også byrja å snikra i saman nokre låtar. Me tenkte at hadde med fått ein bassist, kunne me starta eit band, fortel Jan Terje Rafdal om opphavet til gruppa.
Då multitalenten Vegar Øyfoss frå Fredrikstad flytta til Etne og slutta seg til dei to andre musikkarane, fekk dei eit luksusproblem. Han kan nemleg spela alt frå bass til gitar og trommar.
I løpet av den førebels korte karrieren til Caligvla’s Sisters, har han skifta instrument fleire gonger. I tillegg fekk dei også Sølve Storm Opdal, som er ein dyktig bassist, på kroken.
Knalldebut
Første konserten til Caligvla’s Sisters hadde dei på Old River Saloon i Etne. Sist sommar vart gruppa booka til Rock Fest i Haugesund, der gruppa hausta knallsuksess. God mottaking frå publikum oppmuntra musikkarane til å gje ut den første plata.
— Det er berre snakk om seks songar, fordi innspelinga og alt det andre som kjem i tillegg kostar mykje. Me skal laga 500 plater denne gongen, fortel Rafdal, og legg til at Caligvla’s Sisters var den første gruppa som fekk lov å spela inn på det til då ikkje heilt ferdige ABC lydstudio.
Om salsprognosane seier han berre at det er best ikkje å ha forventningar. Då slepp ein å verta skuffa.
— Alle som betalar seg inn på lanseringskonserten får med seg debutplata heim, fortel han.