Frå oppkjøpskamp til lokalavis

— Eg har ein god og interessant jobb i Haugesunds Avis, men eg trur Grannar […]

— Eg har ein god og interessant jobb i Haugesunds Avis, men eg trur Grannar er ei spennande avis å jobbe i. Det er ikkje kvar dag ein får spørsmål om å bli redaktør. Det er ei utfordring eg har lyst til å prøve, seier Joar Grindheim.
Bømlingen var midt inne i ein hektisk periode i vervet som leiar for redaksjonsklubben i Haugesunds Avis då han vart kontakta av styret i Grannar. Eigarane av Haugesunds Avis var i ferd med å selje avisa til Mecom-sjef David Montgomery, og Grindheim stod på skansen for journalistane.
Vart spurd
Etter litt omrømingstid sa Grindheim ja til å overta sjefsstolen i lokalavisa for Etne og Vindafjord når redaktør Aslaug Olden Mala går inn i pensjonistane sine rekkjer i slutten av august.
I mange lokalaviser er det er ingen kø av aktuelle kandidatar som vil ta over ledige redaktørjobbar. Slik var det også i Grannar, og Grindheim vart headhunta.
33-åringen forklarer at det ikkje er tid for dei store programerklæringane enno. Han har rett og slett hatt litt for mykje å tenkje på i det siste. På laurdag skal han stå ved alteret i Alversund kyrkje i Nordhordland og seie ja til sin utvalde. Grannar treffer han på mobiltelefonen midt i førebuingane.
— Lokalaviser har ei viktig rolle på same måte som større aviser har det i sitt område. Ein har samfunnsansvar og skal vere talerøyr for lokalsamfunnet i viktige saker.
Inga sak for liten
— Det er viktig å våge å vere kritisk og gripe fatt i vanskelege saker. Avisa skal gjenspegle lokalsamfunnet på godt og vondt. Og bygdene har mykje godt i seg. Ein kan ikkje skrive om alt, men i utgangspunktet er inga sak for lita, seier Grindheim.
Han presiserer at avis er samarbeid og at redaktøren må stake ut kursen i lag med dei tilsette.
— Eg les avisa sporadisk på jobben og har eit positivt inntrykk. Det eg er blitt presentert har overtydd meg. Forskjellen blir at eg skal vere sjef for andre, ha ansvaret for heile produktet og alt som står der.
Men nyhendejournalisten går til redaktørjobben med tryggingsline. Han har fått eitt år permisjon i Haugesund. Med nyoppussa leilegheit og ektefelle med jobb byen, har han ingen andre planar enn å pendle til bygdene i aust.
— Det er ein ekstra tryggleik å ha permisjon. Men når eg takkar ja til jobben er det med tanke på at det er der eg skal arbeide. Eg har ingen andre planar. Eg ser på det som eit privilegium å kunne køyre gjennom store delar av dekningsområdet kvar dag.
Han blir den sjette redaktøren i den 34 år gamle lokalavisa.
Vere synleg
Yrkesplanane til mostringen starta med mat. Gjennom kokk- og stuertskule og fagbrev som konditor. Men han bestemte kort tid etter at det var journalist han ville bli. Han gjekk på Gimlekollen mediesenter i Kristiansand, og studerte samfunnsfag og historie på høgskulen i byen, og avslutta med hovudfag i historie på universitetet i Bergen.
Avisa har alltid vore Haugesunds Avis. Først gjennom sommarvikariat, før han vart fast tilsett på lokalkontor i Rosendal i 2001. To år etter bar det til hovudreaksjonen i Haugesund der han starta på sporten og gjekk deretter over til nyhendeavdelinga.
— Eg er kanskje ung til ein slik jobb. Men eg har allsidig bakgrunn, og det er ikkje ein ulempe i yrket.
Ein liten erklæring til, er det plass til før han hastar vidare i innspurten til ein av dei store dagane i livet:
Han gleder seg til å meine noko i leirane i lokalavisa. Ein redaktør skal ikkje vere redd for å vere synleg og ta standpunkt.