Frå Vats til Darfur

Når Raudekrossen engasjerer seg i konfliktfylte område, legg dei veldig stor vekt på ikkje å […]

Når Raudekrossen engasjerer seg i konfliktfylte område, legg dei veldig stor vekt på ikkje å velja side. Sjukehusa deira og støtteapparatet deira skal hjelpa alle som treng det, anten dei blir klassifiserte som offer eller overgripar ut frå ei politisk vurdering.
— Me har fått streng beskjed om at me kan rapportera om kva me gjer, men ikkje det me ser, forklarer Sørhus.
— Er det vanskeleg?
— Det er klart det er umenneskeleg. Her ser du overgrep, og du kan ikkje rapportera dei. Men det å vera nøytrale er eit av dei viktigaste prinsippa for Raudekrossen, seier Sørhus.

Mange oppdrag

Det er slett ikkje første gongen femtiåringen reiser til fjerne himmelstrok for å arbeida i konfliktfylte område. For elleve år sidan arbeidde ho i Libanon. I 1997 og i 2002 var ho i Afghanistan, og i 1999 i Kosovo. Kvart av desse oppdraga varte i eit halvt år eller lengre.
— Eg har alltid hatt hug til å farta. Sidan eg var lita, synest eg det var spennande, seier Sørhus, som vaks opp som den yngste av fire sysken hjå handelsmannen i Blikrabygda. Ho er utdanna sjukepleiar med spesialkompetanse innan intensivbehandling, og ho arbeider til vanleg på sjukehuset i Levanger i Nord-Trøndelag.
— Til Libanon reiste eg for FN, men etterpå er det den internasjonale Raudekrossen som har engasjert meg. Eg har blitt spurt fleire gonger enn eg har kunna reist, for eg er avhengig av å få fri frå arbeidsplassen min i Levanger, forklarer ho.

Reiser med 72 timars varsel

Raudekrossen har ei katastrofeeining som trer i funksjon ved naturkatastrofar og liknande hasteoppdrag. Der er sjukepleiaren med på lista.
— Me skal reisa ut i løpet av 72 timar dersom me kan. Eg blei spurt om å vera med til Bam i Iran etter jordskjelvet der, men då kunne eg ikkje få fri frå jobb, fortel Sørhus, som ikkje har ektefelle og born som bind henne til heimen.
Før oppdraget i Sudan, har ho hatt litt betre tid på seg. Førespurnaden kom for ein månad sidan, og ho tok seg fri nokre dagar ekstra, slik at ho fekk vera litt saman med familien heime får ho tek ut. Det er mellom anna blitt tid til ein tre dagars fjellvandring frå Seljestad til Etne saman med søstera og familien hennar.
— Eg fer og fyk i fjellet så snart eg har høve til det, smiler Sørhus.
Fjell vil ho også få sjå i Darfur når ho kjem dit om nokre få dagar. Ho får ansvaret for eit kirurgisk team på eit sjukehus i Zalingei, ein by som ligg i eit område med 3000 meter høge fjell.
Frå Geneve reiser ho med fly via hovudstaden Khartoum til Nyala. Derifrå går reisa landevegen opp i fjella til sjukehuset i Zalingei, der den uredde sjukepleiaren frå Vats skal administrera ein kirurg frå Peru, ein anestesilege frå Egypt og to kenyanske sjukepleiarar.