Frakta i helikopter

Ulukka vart meldt til politiet sin operasjonssentral i Haugesund klokka 14.32, og ambulanse og brannvesen […]

Ulukka vart meldt til politiet sin operasjonssentral i Haugesund klokka 14.32, og ambulanse og brannvesen var først på ulukkesstaden.
Det var ingen vitne til uhellet, der ingen andre bilar enn ein Mercedes personbil var involvert. I bilen sat eit ektepar som kom austfrå, og sjåføren har forklart at han ikkje visste kva som har skjedd, men sa han kan ha blitt blenda av sola.
Den kvinnelege passasjeren var relativt uskadd, men hadde fått lettare sjokk. Dei kom seg ut av bilen ved eiga hjelp, og sat ved bilen då det kom andre trafikantar til. Bilen har køyrt ut av vegen, knekt eit trafikkskilt og truleg rulla to gonger rundt før den stoppa ved fjellveggen. Bilen hadde store materielle skadar.