Fram i lyset

Men det var ikkje berre kyrkja han på denne måten sette lys på. Takka vera […]

Men det var ikkje berre kyrkja han på denne måten sette lys på. Takka vera hans initiativ kom det også fram i lyset at kyrkjene i Etne ikkje er alarmsikra.
Etter mange år med underskot på kyrkjebudsjettet, som er leia av Kyrkjeleg fellesråd, vedtok fellesrådet i juni 2003 å kutta 45.000 kroner til alarmutgifter. Etter den tid har alarmen ikkje vore påkopla.

Med den påsette kyrkjebrannen i Skjold, og nær brannpåsetjing i Grindheim kyrkje i Etne, fersk i minnet, er eit slikt vedtak mest ikkje til å tru. Me har store problem med å forstå at nokon kan ta på seg eit slikt ansvar. Når ordførar Amund Enge blir konfrontert med at kyrkjene ikkje er brannsikra, viser han til fellesrådet. Det er deira ansvar å halda budsjettet, er hans kategoriske svar.

Me har full forståing for at budsjetta må haldast. Men det går ei grense. Kommunen sine folkevalde har ikkje berre ansvar for budsjettbalansen. Dei har også ansvar for å forvalta kommunen sine verdiar. I det ligg at bygningar og andre verdiar er forsvarleg sikra. Nå har kommunen nyleg vedtatt budsjettet for 2006. Etter det me kjenner til er det ingen som har hatt sut for at kyrkjene igjen blir sikra med alarm.

For 14 dagar sidan blei ungdomshuset Ljoshall totalskadd av brann. Det vekte sterke kjensler hos bygdefolket som hadde eit spesielt forhold til det nær 80 år gamle huset. Me torer ikkje tenkja på kva kjensler som ville bli utløyste dersom ei av dei gamle kyrkjene skulle brenna.

I Etne kommune si informasjonsavis blir innbyggjarane minna om at desember er den store brannmånaden. Saman med fleire gode tips mot brann, helsar kommunen innbyggjarane med ei god og branntrygg julehelg.
Me helsar kommunen det same, og oppmodar på det sterkaste om at brannalarmen blir kopla på så snart som råd er.