Framgong for Haugesund Sparebank

Kari Aakra Fjoråret viste seg å vera eit godt år for banken, som auka driftsresultatet […]

Kari Aakra

Fjoråret viste seg å vera eit godt år for banken, som auka
driftsresultatet med ein halv million frå 2007 til 68,9 millionar
kroner i 2008. Banken fekk også 1.800 fleire kundar i fjor, og 25.600
personar brukar i dag Haugesund Sparebank.

Banken er den einaste lokaleigde og lokalstyrte banken i Haugesund, og
har brei dekning i Vindafjord kommune, med kontor i Ølen, Sandeid,
Vikedal og Skjold.

— Det gode resultatet bidrar til ein framleis høg eigenkapital og
soliditet. Ved utgangen av 2008 var kapitaldekningsprosenten i banken
15,30 prosent, noko som er vesentleg høgare enn gjennomsnittet for
sparebankane i Noreg i fjor, seier administrerande banksjef i Haugesund
Sparebank, Knut Grinde Jacobsen.

Utlåna auka med 13,6 prosent, og ligg nå på 5,3 milliardar kroner,
medan innskota auka med 10,6 prosent, og låg på 4,5 milliardar kroner
ved årsskiftet.