Framleis aukande arbeidsløyse

Kari Aakra I Rogaland er det ved utgangen av februar 3.930 arbeidsledige, talet har auka […]

Kari Aakra

I Rogaland er det ved utgangen av februar 3.930 arbeidsledige, talet har auka med 180 fleire denne månaden. Dette er ei auke på 70 prosent i motsetning til same månad i fjor, og tilsvarar 1,8 prosent av arbeidsstyrken. Likevel har Rogaland fylke lågast arbeidsløyse i landet, der fylkesgjennomsnittet ligg på 2,7 prosent.

I Vindafjord kommune er til saman 61 personar heilt arbeidsledige, noko som utgjer 1,4 prosent av arbeidsstyrken i kommunen. Dette er ein person meir enn førre månad, og 28 fleire frå same månad i fjor.

I Hordaland var det til saman 5.919 personar som var heilt arbeidslause i slutten av februar. Dette utgjer 2,4 prosent av arbeidsstyrken i fylket. Samanlikna med 2008 er dette ei auke på 55 prosent.

I Etne kommune er 30 personar heilt arbeidsledige. Dette utgjer 1,5 prosent av arbeidsstyrken.

— Sjølv om arbeidsløysa stig kraftig frå det rekordgode året i 2008, er det gledeleg at veksten ikkje er like stor som i januar månad, seier Kenneth Stien, avdelingdirektør  i NAV Hordaland.

Det er i hovudsak unge menn som blir råka av permitteringar. Arbeidsløysa blant menn stig mykje snarare enn hjå kvinner, og er høgast blant dei yngre enn 24 år. Ledigheita auka kraftigast i bygge-, anlegg-, og industribransjen, og blant meklarar og konsulentar.  Framleis er det betydeleg etterspurnad etter arbeidskraft innan helse og omsorg, ingeniør-, og IKT-fag, undervisning og kontorarbeid.