Framtida for Vindafjord

Med rett styring kan Vindafjord bli ein kjempegod kommune å bu og arbeida i. Vindafjord […]

Med rett styring kan Vindafjord bli ein kjempegod kommune å bu og arbeida i.
Vindafjord har mange gode forutsetningar, som til dømes:
• Me har eit variert næringsliv som gjer at me har mange bein å stå på. Frå byggningsbransjen, til skipsverft og høgteknologiske bedrifter.
• Vindafjord vil bli landets femte største landbrukskommune innan husdyrproduksjon. Me har to av landets største slakteri innan same kommunene. Me har såleis kort veg frå produsent til videreforedling. Dette er eit fortrinn me bør kunne utnytta. Vidare veit me at ein heiltidsbonde opprettheld tre andre arbeidsplasser.
• Me har ein solid kommuneadministrasjon med mange flinke medarbeiderar.
• Haugalandet er eit av dei største vekstområdet i landet for tida. Det skal innvesterast for over 40 milliarder kroner i vår region dei neste fem åra. Nokre av desse innvesteringane bør koma oss i Vindafjord til gode.
• Vindafjord blir strategisk plassert på indre Haugalandet, med eit naturleg sentrum, Ølen.
Med 8.300 innbyggerar vil Vindafjord få «pondus» på Haugalandet, og vår røyst vil telja når saker skal handsamast. Det er viktig at vi nå ser framover og byggjer opp eit kommunesenter med den nødvendige infrastruktur og faciliteter i Ølen. Eit kommunesenter som har utviklingspotensiale i konkurranse med andre sentra i regionen. Spelar me korta rett nå vil også Etne koma med om nokre år.
For den som skal styra kommunen vil det vera viktig å tenkja heilskap og ha langsiktige perspektiv og målsettingar. Det vil vi som bur her tena på.
Vindafjord Høyre har laga heilt spesifikke målsettingar om kva vi ynskjer å oppnå om seks år.
• Me vil ha den beste skulen og dei beste oppvekstvilkåra på Haugalandet. Med ein desentralisert skulestruktur og god lærarstab skulle dette vera mogeleg. Det er gjort mange undersøkingar om kva som gjev ein god skule. I hovudsak er konklusjonen at ein får gode skular ved å ha gode lærekrefter. Her må det såleis i første rekke satsast på kompetanseheving for lærarane.
• Me ynskjer eit solid næringsliv i utvikling. Forskning viser at når det gjeld næringslivet så gjeld ordtaket om at «krake søker make». Vi må såleis satsa på det næringslivet vi har og leggja til rette for nye etableringar som kan dra nytte av dei bedriftene vi alt har i vår kommune.
• Vindafjord skal bli ein tilflyttingskommune i god vekst. Her gjeld det om at ein byggjer ut nødvendig infrastruktur som vegar , breiband m.m.. Det gjeld og om at me legg forholda til rette for tenlege byggefelt spesielt langs aksen Skjold/Vikebygd til Ølen. Såleis kan folk bu i vår kommune sjølv om dei arbeider i ein annan kommune.
• Me skal ha ein kommuneadministrasjon som er smal, effektiv og yter god service overfor innbyggjarane. Det er her viktig å vera klar over at 80 prosent av kommunebudsjettet går med til lønnsutgifter. Pengar ein kan spare inn her vil ein såleis kunne bruka til andre formål.
• Me må bli ein kommune med økonomisk handlingsrom. Det må bli slik at det er kommunen som styrer over økonomien og ikkje økonomien som styrer kommunen.
Heilt til slutt vil eg understreka at det er ikkje stat eller kommune som byggjer landet, men det er einskildmennesket. Det må vera statens- eller kommunenes oppgåve å føra ein politikk som legg til rette for at enkeltmennesket, virksomheter, institusjoner kan vera virksomme og skapa verdier for seg sjølve og samfunnet.
Det vil såleis vera viktig å koordinera og gje gode rammebetingelsar for den enkelte og bedrifter/virksomheter. Det ynskjer vi i Høyre å medvirke til.


Dagfinn Torstveit
Ordførarkandidat
Vindafjord Høyre