Fredsprisvinnaren hjelpte norske kvinner

I går vart Muhammad Yunus og Grameen Bank overrekt årets fredspris. Årets fredsprisvinnar har tru […]

I går vart Muhammad Yunus og Grameen Bank overrekt årets fredspris. Årets fredsprisvinnar har tru på kvinner, og i tretti år delte han ut mikrokredittar til dei som ikkje kunne få lån i banken. Dette har vist seg å vera ei frigjerande kraft i samfunn der kvinner må kjempa mot undertrykking.
Også i Noreg har hans økonomiske geni inspirert SND, nå Innovasjon Norge, til å starta opp mikrokredittgrupper for kvinner som tør å starta si eige bedrift. To av dei finn du i Vindafjord.

Stabilt og trygt
— Nettverkskredittgruppa er laga og fungerer etter Muhammad Yunus sin mikrokreditt modell. Han trudde at kvinner var flinkare enn menn til å forvalta pengar. Nå kan ikkje kvinneverksemdene i Bangladesh samanliknast med dei norske, men ideen var jo å hjelpa kvinner med å koma i gong med små private bedrifter, seier Aagot Sogn som er leiar for «MIHKSÅ», ei av dei to nettverkskredittgruppene i Vindafjord.
Den første nettverkskredittgruppa i Vindafjord var også den første i heile Nord-Rogaland.
— Gruppa vår vart etablert i 2000 med hjelp av Elin Arianson, som i dag er leiar for den andre nettverkkredittgruppa i Vindafjord – «Etter Atten». Per i dag er det fem verksemder som nyttar dei to hundre tusen som me har fått til bankkapital av Innovasjon Norge. Kjerringsgarden, Bøker og Sånn, Hardanger lys, Galleri Å’Godt! og Siri Hammerstad er medlemer i «MIHKSÅ», fortel Aagot Sogn.
Utanom desse to er det i dag berre etablert fire slike nettverkskredittgrupper for kvinner i Rogaland – ei på Jørpeland og tre i Stavanger.

Hjelper kvarandre
Det er toppen fem til sju medlemmer som kan vera med i ei nettverkkredittgruppe på same tid. Miljøet i gruppa skal vera oversiktleg og medlemmene skal kjenna kvarandre.
— Ein kan berre låna ein avgrensa sum av bankkapitalen om gongen slik at det ikkje går utover dei andre i gruppa. Me bestemmer rente, men elles fungerer gruppa som ein vanleg bank – med skriftlege avtaler og tilbakebetalingsplan. Men me rettleiar kvarandre og me deler erfaringar. På denne måten får me gode innspel til gjennomføring av forretningsideen vår, seier Aagot Sogn.
Opphaveleg er slike kredittgruppene retta mot kvinner, men i dag er dei også opne for menn med kreative idear.