Fremst bak kulissene

I distriktet vårt er det ein sceneaktivitet som berre må opplevast før ein skjønar kva […]

I distriktet vårt er det ein sceneaktivitet som berre må opplevast før ein skjønar kva som eigentleg går føre seg. Barn og unge boltrar seg på scena – ofte blanda med song og dans.
Sjølv om det står mange bak når 15 – 20 aktørar skal i elden, er det grunn til å ta ein prat med ei som har mykje å seie når det gjeld teateraktivitetane i kommunane våre.
Astrid Eidhammer Hjelmeland har frå ho gjekk i ungdomsskulen leia amatørteatergrupper. Då ho kom tilbake til distriktet for eit par år sidan, begynte ho snart som dramalærar i kulturskulen.
Teaterutdanning
Astrid Eidhammer Hjelmeland fortel at ho saman med tre venninner i Ølen leia barneteatergruppa i Ølen Ungdomslag frå ho gjekk i 8. – 9. klasse i ungdomsskulen.
— Ja, det var travelt. Vi kunne ha 30 – 40 ungar i alderen frå 2. klasse til 5. klasse.
Som russ var ho med og sette opp russerevy i Ølen for første gong.
— Tenk det er alt ti år sidan, mimrar ho.
Teater har stått Astrid nær heile tida, og etter vidaregåande gjekk ho på teater- og musikklina ved Ringerike folkehøgskule.
— Der var det masse teater. Blant anna sette vi opp Shakespeares, «Troll kan temmes» med masse rekvisittar og kostymer. Ei storoppsetting der jentene spelte guterollene og gutane jenterollene, ei stor oppleving å få vere med på, fortel ho.
Til USA
Etter førebuande ville Astrid satse på teaterlivet og kom inn på ein to-årig privat teaterskule i Bergen. Denne skulen vart trass mange demonstrasjonar og stor frustrasjon både blant elevar og lærarar, lagt ned etter eitt år. Men ho ville meir teater, og tok teatervitskap grunnfag i Bergen og mellomfag i Oslo.
— Då høyrde eg om kulturlina i Bø, og gjekk der eitt år. Det året var eg revysjef, og vi fekk det bra til, minnest ho.
— Andre året var eg utvekslingsstudent frå Bø i USA, og valde då journalistikk. Her lærte vi også foto, reklame og var også innom radio. Dette året var veldig lærerikt, fortel ho.
— Journalistyrket gav meirsmak, og eg var så heldig å få jobb i Noroil Publishing House på Sola. Eit olje- og gasstidsskrift, der vi dreiv oppsøkjande journalistikk retta mot oljebransjen.
Tilbake til bygda
Etter halvtanna år der, sette ho så kursen mot heimdistriktet, og har nå ei lita jente på to og eitt halvt år. I mai blir ho mor igjen, men dette hindrar ikkje teaterentusiasten frå å tilbringe mykje av tida på å føre barn og unge inn som Thalias barn. Til glede for både små og store i distriktet vårt.
Sjølv set ho pris på den store kompetansen ho har rundt seg i kulturskulen, ikkje minst scenograf Aud Sigrid Flesland, som med enkle grep er med og løfter framsyningane. Elles takkar ho flinke foreldre, mammaer som syr og pappaer som tek tunge tak.