Utfordringar for Stoltenberg

Slike kommentarar er sikkert farga av at dei ikkje har sansen for at det er […]

Slike kommentarar er sikkert farga av at dei ikkje har sansen for at det er blitteleg å registrere at folk er interesserte i at drifta ved hotellet snart kjem i gang igjen, seier han.
Sjølv har han tru på at ein driftsmodell snart er på plass.
Nytt driftsselskap
— Kva skjer vidare etter dette møtet?
— Etter dei to møta som har vore halde om saka, har folk registrert seg som bidragsytarar til ny driftskapital. Nå vil eg ta kontakt med kvar og ein av desse, og få på plass kor mykje det dreier seg om. Dette vil danne grunnlaget for eit nytt driftsselskap, som må ta standpunkt til korleis eit nytt hotell skal drivast.
— Dei fleste som uttalte seg på møtet torsdag vil at hotellet skal ha profesjonell drift, kva legg du i det?
— Ja, det er rett, men likevel kan lokale folk bli med. Deler av drifta, som marknadsføring bør vere profesjonell, men eg trur det vil bli vanskeleg å finne profesjonelle folk til alle deler av drifta, seier Løvereide. Men han understrekar at det er for tidleg å seie noko om dette i dag, tidsperspektivet er viktig.
— Nå vil vi først og fremst ha tid til å gjere dette skikkeleg.
Kjede
Fleire på møtet kom inn på tilknyting til ei hotellkjede. Det vil gi ein betre ryggdekning når ein står saman med likesinna.
Leif Arne Løvereide opplyser at han alt dagen etter møtet var i kontakt med Best Western-kjeda, ei av verdas største hotellkjeder.
— Dei viste stor interesse, og meinte at ein kombinasjon der lokale folk i leiinga saman med profesjonell hjelp, er akseptabelt, seier han.
Han legg ikkje skjul på at det er lokale folk i Skånevik som gjerne vil ta over hotelldrifta.