Torsdag var ordførar Amund Enge (H) og Victor Carlsen jr., leiar i interimsgruppa for tunnel, i Kvinnherad og orienterte formannskapet om planane.
— Det gjekk over all forventning. Formannskapet var interessert i at dette var noko me måtte gå vidare med, seier Carlsen jr.
Ordførar Bjarne Berge (Tverrpolitisk Samlingsliste) i Kvinnherad stadfestar interessa.
— Klart at dette er ei interessant sak for Kvinnherad. Til liks med Skånevik vil det korta ned avstanden til Etne og ut til bygdene, og me slepp Hålandsheia, seier Berge.
— Eg synest det er veldig spennande å tenka seg at det ikkje vil bli meir enn 40-45 minutt frå Etne sentrum til Husnes. Det er faktisk ein pendlaravstand, seier Berge.
— Spennande
Han meiner det er for tidleg å seia om kommunen kjem til å gå inn med midlar i tunnelselskapet.
— Det er litt tidleg endå, men eg ser ikkje bort frå det. Me får vurdera det når me ser korleis dei har tenkt å organisera seg. Eg følte at formannskapet gav uttrykk for interesse, seier Berge.
Interimsgruppa er opptekne av at tunnel mellom Etne og Skånevik også vil vera ein fordel for saudabuen ettersom tunnel mellom Etne og Sauda er ein del av strategien. 15. mars står besøk hos formannskapet i Sauda for tur.
Laura Seltveit (Ap), ordførar i Sauda, synest at planane om tunnel mellom Etne og Skånevik høyrest spennande ut.
— Desse planane er nye for oss og me har lyst å høyra kva det konkret går ut på. Det er spennande, seier Seltveit.
Informerer etnebuen
14. februar arrangerte interimsgruppa folkemøte i Skånevik om tunnelplanane, og torsdag blir eit nytt møte halde i Etne.
— På møtet i Skånevik kom det fram at det var eit sterkt ønske om å arrangera liknande møte i Etne. Det var lite Etne-folk på møtet og dei har behov for same informasjonen, seier Carlsen jr.
Interimsgruppa har så langt ikkje bestemt seg for kva type tunnelselskap som skal dannast, men i følgje Carlsen jr. går det i retning av kommandittselskap.
Når selskapet er stifta, skal konsulentar rekna ut kostnader og trafikkgrunnlaget for tunnelen.
— Dette treng ikkje ligga langt fram i tid viss me får med oss kommunane rundt her. Me er interessert i å få selskapet på beina så fort som mogleg, seier Carlsen jr.
Fakta/ Tunnel
* Tunnelen mellom Etne og Skånevik ligg per dags dato inne på vegplanperioden for 2015-2019. Målet til interimsgruppa er å få den lenger fram.
* Tunnelen har truleg ein prislapp på mellom 250 og 300 millionar kroner.
* Med tunnel kjem avstanden mellom Etne og Skånevik til å bli fem minutt mot 30 i dag.