Friskar opp songleikar

Dei små krabatane kan av og til bli trøytte, men stort sett held dei koken […]

Dei små krabatane kan av og til bli trøytte, men stort sett held dei koken i ein time med stor interesse for det som foregår. Susanne Omdal i Øygarden kulturverkstad på Bjoa fører an med songleikar, dans og musikk.
Mødrene er ikkje i tvil om at ungane trivst. Og så har dei det ikkje så lite moro sjølve heller.
Friskar opp igjen
Fire mødrer med spedbarn har gått på barselgruppe saman, og dei fatta interesse for å delta i musikk frå livets start.
— Det er viktig med song og musikk. Vi får friske opp i litt av dei songane og reglene vi opplevde som barn. Og så lærer vi ein del nye, seier Lisbeth Brakestad med dottera Liva på litt over fem månader.
Ho har som mål at dottera skal bli interessert i song og musikk i framtida, og ser på kurset som ein god og tidleg start. Andre igjen vil berre ha det kjekt med ungane og gripe fatt i tradisjonen med songar og reglar.
I Øygarden kulturverkstad har dei fått nye idear til leik og songar.
Puff framover
Synnøve Steinsland meiner ho har fått eit puff framover til å syngje på heimebane for vesle Thea.
— Ho blir roleg og kjenner igjen songane. Det merka eg under graviditeten også at ho reagerte på musikk med å bli roleg, forklarer ho.
Susanne Omdal har tatt utdanning i samspelet mellom barn og foreldre basert på song og musikk. Ho er ikkje i tvil om at det er positivt.
— Det er dokumentert at det er godt for små barn si utvikling med song og musikk. Samspelet med mor er også viktig. Det aller finaste i verda er mora si stemme. Den kan barnet høyre i magen frå det er fire-fem månader gammalt, seier Omdal.
Går i gløymeboka
Mødrene er ikkje i tvil om at dette er ein start som vil påverke ungane til å syngje seinare.
— Men det er opp til oss å syngje vidare med dei, meiner Katalin Eitrheim.
Susanne Omdal trur foreldra jamt over syng for lite for ungane sine i dag. Mykje blir gløymt til ein sjølv blir foreldre, og kanskje har ein ikkje opplevd så mykje av songar og barneregler som liten.
— Det finst bøker og cd-ar med songar, men det er aller best å syngje saman med andre, meiner ho.
Foreldra har samlast i kulturverkstaden på Bjoa i alt ti gonger på ettervinteren.
Ut av tåka
— Det er godt å kome seg vekk frå ammetåka, om det går an. Det er kjekt å gjere noko saman med andre. Det sosiale og opplevinga saman med andre er viktig. Etterpå tar vi ein kopp kaffi og pratar saman, fortel Linda Opedal.
Som nybakte, unge mødrer er samtaleemnet gitt, alt dreier seg om det vesle krypet. Med fire mødrer frå Ølensvåg med nesten akkurat like gamle ungar, er det heller ikkje tvil om at dette er ein gjeng som vil sjå ein del til kvarandre i framtida opp gjennom barnehage og skule.
— Sjølv om dei er så små, er dei opptatt av kvarandre. Det er lett å sjå, seier Katalin Eitrheim.
Dei siste kreftene blir brukte på intens konsentrasjon om såpebobler som Susanne Omdal fyller rommet. Etterpå er det tid for ein blund eller ein sup. I alle fall å slappe litt av etter innsatsen.

Frå livets start
Foreningen Musikk fra livets begynnelse har vokse fram av spørsmålet om den levande leiken og songen er i ferd med å forsvinne. Til alle tider har song og songleikar vore eit sjølvsagt og viktig språk mellom barn og vaksne. Rim, regler, bånsullar og stev vart tidlegare overleverte frå eldre til unge i kvardagen, men er i dag kanskje blitt noko for spesielt interesserte. I musikk frå starten av livet er mottoet syng med den stemma du har.
Musikk og song for barn under eitt år er eitt av tilboda Susanne Omdal gir i Øygarden kulturverkstad på Bjoa. Ho har også samarbeid med barnehagar og ønskjer å kome i gang med eit tilbod som er tilpassa ungar mellom eitt og tre år. I tillegg til fleire einskildaktivitetar i kulturverkstaden på småbruket, har Susanne Omdal hatt ti pianoelevar i vinter. No håpar ho også å få i gang målarkurs for vaksne i samarbeid med ein utøvande kunstnar.