Friskar på med trening

Førebels er det berre handverkarane som får trim i det som skal bli eit nytt […]

Førebels er det berre handverkarane som får trim i det som skal bli eit nytt treningssenter i den tidlegare bygningen til Telenor i Ølen sentrum. Men om ein månad blir det full aktivitet i Frisk treningssenter dersom tidsplanen går som den skal.

Lokale var nøkkelen
I fleire år har brørne Andreas (26) og John Karsten Hustveit (31) saman med Erik Reigstad (26) sysla med planar om å starte eit treningssenter. Det var først då dei tok kontakt med Ølen Eiendom AS at det vart fart i sakene. Selskapet gav dei tre etablerarane vilkår dei kan leve med, og putta ein god del kroner inn i ombygging av lokala treningssenteret har til disposisjon.
Treningssenteret har 450 kvadratmeter å boltre seg på. Der hovudinnhaldet er ein sykkelsal (spinning), eige lokale for aerobic, og det største som er treningssalen med forskjellige apparat.
— Det er blitt lyse lokale med flott utsikt ut fjorden. Vi er svært nøgde med å ha fått tak i ein plass som dette. Vi har klødd i fingrane for å kome i gang, seier Erik Reigstad, plassert i det største rommet som skal bli fylt med apparat om nokre veker.

Tjuvstart
— Vi har hatt ein stand i Ølen senter sidan nyttår, og vi er godt nøgde med at det er teikna 250 medlemskap så langt. Det er både enkeltpersonar og bedrifter som har teikna seg. Målet er 400 etter ei stund, fortel Andreas Hustveit.
Dei siktar seg inn på nærmarknaden Etne, Ølen og Vindafjord, og målet er eit komplett treningssenter som kan gi tilbod om det meste.
— Målet er at senteret skal passe for flest mogleg. Det gjenspeglar seg også i treningsapparata vi har kjøpt inn. Det skal også vere det same om du er 16 eller 60. Terskelen for å trene skal vere låg, meiner Reigstad.
Dei tre har bakgrunn både i idrettsmiljø og fotball, og skal sjølve delta aktivt i drifta av treningssenteret.

Treningsmiljø
Dei er også i ferd med å tilsetje instruktørar for grupper i aerobic og spinning (sykling).
— Vi gir også rettleiing til den enkelte når det gjeld trening. Kursing av dei tilsette blir viktig, og målet er å byggje opp eit treningsmiljø innandørs, fortel Andreas Hustveit.
Dei har også laga til eit behandlingsrom dersom det blir aktuelt for ein kiropraktor å engasjere seg i senteret. Dei har også plass til eit barnerom der foreldre kan plassere ungane sine medan dei trenar. Er interessa stor nok, kan det bli aktuelt med barnevakt.
Senteret blir i første omgang ope på kveldstid for deretter å vurdere opningstidene etter behovet.

Pølse og røyr
Det er to i kjøttbransjen og ein skipsrøyrleggjar som drar i gang senteret, og Frisk treningssenter blir ein ekstrajobb i starten. Men dei legg ikkje skjul på at ambisjonen er at senteret skal bli arbeidsplassen i framtida.
— Målet er å få senteret til å gå skikkeleg og halde balansen i økonomien. Deretter får vi sjå. For oss som startar senteret blir det nok mange dugnadstimar ei tid framover, seier Erik Reigstad.
Treningssenteret kjøper inn utstyr for rundt 700.000 kroner der alt er nytt. Dessutan går dei tre etablerarane pluss ein investor til, inn med ein halv million kroner i eigenkapital i selskapet. Fundamentet skal vere solid.