Friske kvinner på landet

Elen Merethe Hetleflåt Ramsvik og Astrid Eidhammer Hjelmeland har hatt både ide, tekst og mesteparten […]

Elen Merethe Hetleflåt Ramsvik og Astrid Eidhammer Hjelmeland har hatt både ide, tekst og mesteparten av regien heilt aleine. Resultatet er ei feiande frisk framsyning, der innhaldet er henta for det meste frå deira eigne opplevingar i nærmiljøet.
Her var vi vitne til bonderomantikk, samlivskurs, var innom både Fugl Fønix og Old River saloon, og publikum var med.

Kler kvarandre
I Stord Dialog frå Spania vart operatøren lurt trill rundt, og på «Sørvistorget» vart den vanlege borgar konfrontert med kommunen sin kvardagsproblematikk, og vedkomande kom slett ikkje vidare med rette ærendet sitt.
I frisørsalongen, var ein av publikumsfavorittane, men så var det heller ikkje måte på kva den stakkaren i stolen vart konfrontert med.
I tillegg inneheld revyen fleire nummer der særleg småbarnsforeldre kjende seg igjen. Filmsnurtane, som batt det heile saman på ein fiffig måte, gav overraskingar som gjekk rett heim hos publikum. Dei to kvinnene på landet kler kvarandre, og samspelet er til tider ellevilt.
Det er grunn til å håpe at dette berre er starten på eit vidare samarbeid på dei skrå breidder for «Kvinner på landet».