Frodig og frekk ungkarskomedie

Folk fekk kome på innsida av det sorgmuntre ungkarslivet, og det var ikkje langt mellom […]

Folk fekk kome på innsida av det sorgmuntre ungkarslivet, og det var ikkje langt mellom latterutbrota i salen.
Ikkje utan sut
Grisesnakk og frodig humor pregar komedien, som ikkje er utan alvorlege undertonar. Den noko bråkjekke ungkaren Ivar, spelt av Karl Otto Endresen, legg pornoblada til sides når det kjem damer frå Bergen for å få ein smak på det landlege livet. Sjølvtilliten viser seg å ikkje vere på topp likevel når han forelskar seg. Espen, spelt av Lars Handeland, får kontakt med gamlekjærasten Ingunn (Hilde Margrethe Owe), men han vegrar seg for å sleppe henne inn på livet og inn i ungkarsheimen når det byrjar å bli alvor. Dessutan har han ei evig sut for siloarbeidet hengjande over seg. Georg når ikkje heilt fram hos damene, trass i all livserfaringa og kunnskapen han har fått med seg frå tida si i «Fylkesbaatane». Han gjev seg ut for å vere eksperten, og har ikkje problem med å gje andre eit slag med den uredde kjeften sin. Sjalusien er ikkje fråverande.
Særpreg kom fram
Det er tøft av Sandeid ungdomslag å gje seg i kast med eit stykke som dei siste åra har blitt spelt både på Den Nasjonale Scene i Bergen, og på Det Norske Teateret i Oslo. Men Sandeid-skodespelarane klarar seg godt. Dei meistrar rollene, og regissør Jostein Apeland har sikra god driv i stykket. Skodespelarane får fram både brølande latter og sår medkjensle i publikum.
Nokon av skodespelarane blei likevel innimellom noko stive og unaturlege under premiereframsyninga, særleg under lange replikkar. I blant var det vanskeleg å fange opp kva skodespelarane sa, fordi dei snakka for fort og utydeleg. Tendensar til overspeling dukka opp i til dømes litt for voldsame grimasar etter slurkar av den sterke heimbrenten Espen serverte.
Men dette forhindra ikkje at dei ulike karakterane og personlege særprega kom godt fram. Lars Handeland, i rolla som den godmodige og noko naive ungkaren Espen, var avslappa, lun og naturleg i rolla si. Også Mona-Lill Hundseid sleppte seg laus i rolla som den direkte og freidige bydama Lone, for å trekkje fram nokon. Detaljar var med og sette ein spiss på stykket – som støvskya som stod opp av sofaputa i ungkarsstova, då Lone slo godt i puta før ho skulle leggje seg på sofaen. Også fenalåret og kniven, som hang på stoveveggen til Espen, gjorde seg.
Norvald Tveit har laga ei ærleg og direkte skildring både av dei muntre og humoristiske sidene ved ungkarslivet, og av dei djupare og meir sårbare delane av det. Dei moderne ungkarane har slettes ikkje gått ut på dato.